Vitskapelege metodar

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gje studentane ei grunnleggjande innføring i ulike metodiske tilnærmingar og grunnleggjande normer for vitskapleg praksis i disiplinane pedagogikk og spesialpedagogikk. Dette inneber kvalitative og kvantitative framgangsmåtar samt deira vitskapsteoretiske og forskingsetiske grunnlag. Emnet har også som mål å gjere studentane i stand til å tenkje kritisk om kunnskap som ligg til grunn for pedagogisk og spesialpedagogisk verksemd.

Innhald:

Emnet tar for seg korleis ein planlegg forskingsprosjekt. Dette inneber blant anna korleis ein går fram for å utforme eit forskingsprosjekt på bakgrunn av ein vald problemstilling, ulike framgangsmåtar ein kan velje mellom, samt etiske forhold som ein må ta omsyn til undervegs. Emnet vil og handle om kva som gjer forsking truverdig og påliteleg, og kva slags metodar som kan eigne seg til å forstå, forklare og diskutere ulike pedagogiske eller spesialpedagogiske fenomen og problemstillingar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten:

  • har kunnskap om ulike vitskapstradisjonar og forståing av samanhengen mellom desse og ulike forskingsdesign
  • har kunnskapar om kvantitative og kvalitative forskingsmetodar som vert nytta i fagområda pedagogikk og spesialpedagogikk
  • har kunnskap om kriteria for god forsking, t.d. forskingsetikk og kjeldekritikk.

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan identifisere, diskutere og kritisk vurdere metodeval og design i pedagogisk og spesialpedagogisk forsking
  • kan identifisere og diskutere ulike forskingsetiske dilemma
  • kan formulere ei problemstilling som lar seg undersøkje og utforme eit forskingsdesign
  • kan tolke og analysere kvantitative og kvalitative data

Generell kompetanse

Studenten:

  • har utvikla kritisk vurderingsevne og djupare forståing av vitskapleg tenkjemåte og praksis
  • kan reflektere over kunnskapsgrunnlaget for pedagogisk og spesialpedagogisk verksemd
  • har kompetanse i å vurdere argumenter si truverd og gyldigheit
  • har kompetanse i systematisk utforsking av pedagogiske og spesialpedagogiske fenomen og problemstillingar.

Studiepoeng, omfang

15 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
PSYK202 = 15 studiepoeng i reduksjon
Krav til studierett

Emnet krev studierett ved eit av følgjande studieprogram:

  • Bachelorprogrammet i pedagogikk
  • Bachelorprogrammet i spesialpedagogikk
  • Bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi
  • Bachelorprogrammet i generell psykologi
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert organisert i økter som kombinerer førelesing og seminarverksemd. Den organiserte undervisninga har eit omfang på 12x3 timar.

Læringsutbyte i emnet føreset aktiv deltaking i undervisninga som i hovudsak vil vere organisert fysisk på campus.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Møte førebudd og delta på alle seminara
  • Munnlege presentasjonar og gruppearbeid i seminargruppene
  • Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjente for å gå opp til eksamen i emnet.

    Vurderingsformer
    Heimeeksamen over 5 dagar
    Karakterskala
    A-F
    Vurderingssemester
    Vår
    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
    Emneevaluering
    Emnet vert evaluert i tråd med UIB sitt kvalitetssikringssystem.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Alle
    Programansvarleg
    Institutt for pedagogikk
    Emneansvarleg
    Institutt for pedagogikk
    Administrativt ansvarleg
    Det psykologiske fakultet