Bacheloroppgåve i pedagogikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Bacheloroppgåve-emnet legg vekt på at studentane skal utvikle ein vitskapeleg tenkje- og arbeidsmåte. Dei skal lære kva slags krav som vert stilt til eit større skriftleg produkt og kva som kan vere ein føremålstenleg arbeidsmåte. Gjennom innsamling og drøfting av relevant empirisk og/eller teoretisk materiale skal studentane lære å arbeide med ei problemstilling. Prosjektoppgåva kan leggje eit metodisk grunnlag for framtidig arbeid med ei masteroppgåve, og kan også tematisk danne opptakta til ei slik vidareføring innanfor det temaområdet som vert valt.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten...

  • har tileigna seg kunnskap innanfor eit valt fordjupingsområde
  • kan gjere greie for pedagogikkfaget si utvikling, fagtradisjonar og plass i akademia

Ferdigheiter:

Studenten...

  • kan tolke, analysere og vurdere innhald og metode i pedagogisk forsking
  • kan tenke og arbeide vitskapeleg
  • kan meistre formelle og faglege krav til eit vitskapelig arbeid

Generell kompetanse:

Studenten...

  • kan planlegge og gjennomføre eit større sjølvstendig arbeid
  • kan kommunisere i eigna former om faglege spørsmål
  • kan identifisere og handtere forskingsetiske spørsmål
  • kan reflektere kritisk over faglege problemstillingar

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar

Det ein føresetnad at studentane har PED111, PED112, og PED200, eller tilsvarande, samt 15 studiepoeng metode (PED210 eller tilsvarande) for å ta dette emnet.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett som er tatt opp på bachelorprogram i pedagogikk.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar, grupperettleiing, individuell rettleiing og tilbakemelding på oppgåveutkast.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Eksamen består av to komponentar: Ei bacheloroppgåve og ein munnleg prøve. bacheloroppgåva skal ha eit omfang på ca. 7 000 ord, referansar og appendiks kjem i tillegg. Det blir gitt ein foreløpig karakter på bacheloroppgåva før munnleg prøve. Munnleg har ein justerande funksjon.

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Insittutt for pedagogikk
Emneansvarleg
Institutt for pedagogikk
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet