Pedagogisk filosofi
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- PED311
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet er ei vidareføring av PED111 Pedagogisk filosofi frå bachelorstudiet i pedagogikk. Emnet skal gi studentane grundig forståing for korleis pedagogisk filosofi og idéhistorie kan problematisere føresetnader for pedagogisk praksis. Det blir lagt vekt på at studentane sjølv skal ta stilling til og drøfte grunnleggande pedagogiske spørsmål og utfordringar. Studentane si kritiske lesing av pedagogisk-filosofiske tekstar, deira aktive deltaking i seminar, samt deira sjølvstendige tekstproduksjon, utgjer ein vesentleg del av studiet sitt innhald.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten:
- har inngåande kunnskap om og forståing for pedagogisk-filosofiske teoriar
- har grundig forståing for sentrale pedagogisk-filosofiske spørsmål og omgrep
Ferdigheiter
Studenten:
- kan gjere greie for og drøfte ulike oppfatningar av utdanning, kunnskap og læring, samt forholdet mellom desse
- kan gjere greie for og drøfte ulike syn på forholdet mellom utdanning og samfunn
- kan ta stilling til og drøfte grunnleggande problem innan pedagogisk arbeid og innan pedagogikk som fag og forskingsfelt, inkludert forholdet mellom fagets praktiske og teoretiske dimensjonar
Generell kompetanse
Studenten:
- meistrar akademisk skriftleg framstillingsmåte
- kan diskutere grunnlagsproblem både munnleg og skriftleg
- kan ta imot tilbakemelding på eigne tekstar og forbetre desse i lys av tilbakemeldinga
Fulltid/deltid
Fulltid.
Studiepoeng, omfang
Emnet har eit omfang på 15 studiepoeng og er normert til halvparten av eit fulltidssemester.
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Haust, annakvart år.
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett på masterprogrammet i pedagogikk.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga er lagt opp som ein kombinasjon av førelesingar, seminar, oppgåveskriving og litteraturstudium. Det blir lagt opp til aktiv deltaking og kunnskapsdeling mellom studentar og lærarar, både i seminarrommet og gjennom tilbakemeldingar på oppgåveskriving.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Emnet nyttar ein heimeeksamen over 10 dagar.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F.
Vurderingssemester
Haust/vår, anna kvart år.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Litteraturlista er på 1000 sider (+/- 10 %). Delar av litteraturen kan vere tilgjengeleg i form av eit kompendium.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Instiututt for pedagogikk.
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet v/ Institutt for pedagogikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.