Forskingsmetode
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- PED312
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk.
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Metodeemnet skal sette studentane i stand til å planlegge eit sjølvstendig forskingsarbeid. I fellesdelen av emnet er målet at studentane skal tileigne seg eit vitskapsteoretisk grunnlag for å forstå ulike forskingsmetodiske tilnærmingar. Studentane skal også kunne vurdere forskingslitteratur, forskingsresultat og vere i stand til å reflektere kritisk og etisk over sentrale metodiske framgangsmåtar og fortolkingspremiss. I andre del av emnet skal studentane fordjupe seg i ein vald metodetilnærming (kvalitativ/kvantitativ). Studentane skal få djupare kjennskap til den framgangsmåten dei har valt, slik at dei er i stand til å gjennomføre og drøfte innsamling og analyse av materiale.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten:
- har kunnskap om ulike vitskapeleg paradigme og forklaringsmåtar
- har kunnskap om sentrale omgrep og teoriar innanfor kvalitative og kvantitative metodar
- har kunnskap om mixed methods
- har kunnskap om forskingsetiske problemstillingar og formelle forskingsetiske prosedyrar
- har kunnskap om det vitskapsteoretiske perspektivet og teoriane den metoderetninga dei vel å fordjupa seg i, er forankra i
Ferdigheiter
Studenten:
- kan drøfte forskingsetiske problemstillingar i pedagogisk forsking
- kan reflektere over og diskutere ulike vitskapelege paradigme og forklaringsmåtar
- kan reflektere over og diskutere ulike gyldigheitskrav i kvantitative og kvalitative metodetradisjonar
- kan demonstrere praktiske ferdigheiter med konkrete metodar for datainnsamling og analyse
Generell kompetanse
Studenten:
- kan analysere og stilla seg kritisk til ulike forskningsresultat
- kan vurdere pedagogisk forskings- og utviklingsarbeid
Fulltid/deltid
Fulltid.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett på masterprogrammet i pedagogikk.
Arbeids- og undervisningsformer
Emnet kombinerer forelesingar, seminar, litteraturstudiar og praktiske øvingsoppgåver.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Emnet nyttar ikkje obligatoriske aktivitetar.
Vurderingsformer
Emnet nyttar ein heimeeksamen over 10 dagar.
Karakterskala
Vurderingssemester
Vår/haust, anna kvart år.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Litteraturlista er på 1000 sider (+/- 10 %). Delar av litteraturen kan vere tilgjengeleg i form av eit kompendium. Det blir forventa at studentane gjer seg kjent med ulike søkeportalar for sjølv å kunne finne fram til anbefalt litteratur og anna relevant litteratur på internett.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringa er nettbasert.
Programansvarleg
Insituttt for pedagogikk.
Emneansvarleg
Institutt for pedagogikk.
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet v/ Institutt for pedagogikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.