Hjem
Utdanning
Masteremne

Kunnskap og kunnskapsprosessar

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Fulltid/deltid

Fulltid.

Undervisningssemester

Haust, annakvart år.

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Siktemålet med emnet er at studentane utviklar djupare forståing for ulike kunnskapsformer og korleis kunnskap utviklast og delast i ulike kontekster. Emnet vil ha fokus på kunnskapsprosessar i utdanningsinstitusjonar, organisasjonar og arbeidsliv, og ved hjelp av teknologi. Studentane skal også få forståing for samanhengen mellom språk, makt, kunnskap og læring. Vidare vil emnet gje innsikt i aktuelle utdanningspolitiske og utdanningssosiologiske problemstillingar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten:

  • har inngåande kunnskap om og kan analysere kunnskapsomgrepet, ulike kunnskapsformer og korleis kunnskap kan utviklast og delast i ulike kontekster
  • har inngåande kunnskap om ulike måtar å forstå samanhengen mellom kunnskap, læring, makt og språk
  • har inngåande kunnskap om og kan diskutere forholdet mellom relasjonelle, dialogiske, kollektive og samspelsorienterte tilnærmingsmåtar og meir individorienterte perspektiv på kunnskapsutvikling og kunnskapsdeling.

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan kritisk analysere sentrale utviklings- og utdanningspolitiske trekk ved dagens samfunn og drøfte moglege implikasjonar for utdanning, danning og kunnskapsutvikling
  • kan analysere, drøfte og kritisk reflektere over ulike syn på kunnskap, læring, makt og språk, og deira faglege, praktiske og etiske konsekvensar for utdanning og anna pedagogisk verksemd

Generell kompetanse

Studenten:

  • meistrar ulike akademiske skriftlige framstillingsmåtar
  • kan gje faglege og konstruktive tilbakemeldingar på andre studentars tekster
  • kan kommunisere om faglege problemstillingar både med fagfolk og med ufaglærte

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett på masterprogram i pedagogikk.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga består av førelesingar, seminar, skriftlege øvingar og tilbakemelding frå lærar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Emnet nyttar ikkje obligatoriske aktivitetar.

Vurderingsformer

Emnet nyttar mappevurdering som eksamen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F.

Vurderingssemester

Haust, annankvart år. I særskilte høve kan fakultetet gje tilbod om vurdering i det påfølgande vårsemesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Litteraturlista er på 1000 sider (+/- 10 %). Delar av litteraturen kan vere tilgjengeleg i form av eit kompendium.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringa er nettbasert.

Programansvarleg

Insitutt for pedagogikk.

Emneansvarleg

Institutt for pedagogikk.

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet v/ Institutt for pedagogikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

Studieveileder@psyfa.uib.no

Tlf 55 58 27 10

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappevurdering

    Innleveringsfrist
    13.12.2019, 13:00
    Trekkfrist
    29.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen