Hjem
Utdanning
Masteremne

Fordjuping og prosjektplan

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodePED314
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk.
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Fulltid/deltid

Fulltid.

Undervisningssemester

Vår, annakvart år. I særskilte høve kan fakultetet gje tilbod om avgrensa undervising i det påfølgande haustsemesteret.

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Siktemålet med emnet er å forberede studentane til det praktiske og teoretiske arbeidet med masteroppgåva. Gjennom litteraturstudiar, fag- og skriveseminar skal studentane utvikle ein prosjektplan som skal være utgangspunktet for masteroppgåva. Emnet skal vidare gje studentane moglegheit til fordjuping innan eit sjølvvald temaområde med relevans for masteroppgåva. Fordjupingsområda i programmet er knytt til forskingsområda i det pedagogiske fagmiljøet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten:

  • har oversikt over eksisterande teoriar, metodar, forskingsresultat og fortolkingar innan det tematiske området vedkommande fordjupar seg i
  • har oversikt over ulike faglige informasjonskjelder

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan analysere eksisterande teoriar, metodar, forskingsresultat og fortolkingar innan det tematiske området vedkommande fordjupar seg i
  • kan utvikle aktuelle pedagogiske forskingsspørsmål med utgangspunkt i kunnskap om det tematiske området vedkommande fordjupar seg i
  • kan anvende faglig og sjangerspesifikk kunnskap på sjølvstendig vis
  • kan skrive forskings- eller teorireview innan det tematiske området vedkommande fordjupar seg i
  • kan utvikle og skrive ein prosjektplan som legg grunnlaget for arbeidet med masteroppgåva

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan forholde seg kritisk til ulike faglige informasjonskjelder
  • kan formidle sjølvstendig arbeid og beherske fagområdets uttrykksformer

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett på masterprogrammet i pedagogikk.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Emnet nyttar introduksjonsførelesingar, litteraturstudiar, nettbasert rettleiing og seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Skriftlig og munnleg presentasjon av litteraturgjennomgang innanfor det fordjupningsområdet studenten vel å fordjupe seg i, samt å gi tilbakemelding på medstudent sin munnlege presentasjon er obligatoriske krav i emnet.

Vurderingsformer

Eksamen er ein prosjektplan for masteroppgåva på 2500 ord som gjev eit oversiktleg og realistisk inntrykk av arbeidet som blir planlagt.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen bestått/ikkje bestått.

Vurderingssemester

Vår, annakvart år. I særskilte høve kan fakultetet gje tilbod om vurdering i det påfølgande haustsemesteret.

Litteraturliste

Det blir forventa at studentane gjer seg kjent med ulike søkeportalar, for sjølv å kunne finne fram til relevant litteratur og lage individuell litteraturliste på 800 - 1000 sider.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringa er nettbasert.

Programansvarleg

Institutt for pedagogikk.

Emneansvarleg

Institutt for pedagogikk.

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet v/ Institutt for pedagogikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

Studieveileder@psyfa.uib.no

Tlf 55 58 27 10