Hjem
Utdanning
Masteremne

Kunnskap og kunnskapsprosessar, IKT

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodePED323
  • Talet på semester1
  • Språk

    Norsk.

  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

Emnet har eit omfang på 15 studiepoeng og er normert til eit semester.

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Fulltid/deltid

Deltid.

Undervisningssemester

Vår, annakvart år. 

Undervisningsstad

Studiet er nettbasert, men i starten av kvart semester blir det vanlegvis arrangert ei samling i Bergen.

Mål og innhald

Siktemålet med emnet er at studentane utviklar djupare forståing for ulike kunnskapsformer og korleis kunnskap utviklast og delast i ulike kontekster. Emnet vil ha fokus på kunnskapsprosessar i utdanningsinstitusjonar, organisasjonar og arbeidsliv, og ved hjelp av teknologi. Studentane skal også få forståing for samanhengen mellom språk, makt, kunnskap og læring. Vidare vil emnet gje innsikt i aktuelle utdanningspolitiske og utdanningssosiologiske problemstillingar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten:

  • har inngåande kunnskap om og kan analysere kunnskapsomgrepet, ulike kunnskapsformer og korleis kunnskap kan utviklast og delast i ulike kontekster
  • har inngåande kunnskap om ulike måtar å forstå samanhengen mellom kunnskap, læring, makt og språk
  • har inngåande kunnskap om og kan diskutere forholdet mellom relasjonelle, dialogiske, kollektive og samspelsorienterte tilnærmingsmåtar og meir individorienterte perspektiv på kunnskapsutvikling og kunnskapsdeling.

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan kritisk analysere sentrale utviklings- og utdanningspolitiske trekk ved dagens samfunn og drøfte moglege implikasjonar for utdanning, danning og kunnskapsutvikling
  • kan analysere, drøfte og kritisk reflektere over faglege, praktiske og etiske konsekvensar som ulike syn på kunnskap, læring, makt og språk har for utdanning og anna pedagogisk verksemd på ulike læringsarenaer og ved bruk av digital teknologi
  • kan analysere, drøfte og kritisk reflektere over ulike syn på kunnskap, læring, makt og språk, og dei faglege, praktiske og etiske konsekvensane for utdanning og anna pedagogisk verksemd på ulike læringsarenaer og ved bruk av digital teknologi

Generell kompetanse

Studenten:

  • meistrar ulike akademiske skriftlige framstillingsmåtar
  • kan gje faglege og konstruktive tilbakemeldingar på andre studentars tekster
  • kan kommunisere om faglege problemstillingar både med fagfolk og med ufaglærte

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett på masterprogram i pedagogikk, IKT-basert.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga består av oppgåveskriving, nettbaserte seminar og rettleiing med litteraturstudiar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Tekstar produsert gjennom semesteret skal nyttast til mappe som vurderas som eksamen.

Vurderingsformer

Emnet nyttar mappevurdering som eksamen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F.

Vurderingssemester

Vår, annakvart år. I særskilte høve kan fakultetet gje tilbod om vurdering i det påfølgande haustsemesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Litteraturlista er på 1000 sider (+/- 10 %). Delar av litteraturen kan vere tilgjengeleg i form av eit kompendium.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringa er nettbasert.

Programansvarleg

Institutt for pedagogikk.

Emneansvarleg

Institutt for pedagogikk.

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet v/ Institutt for pedagogikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

Studieveileder@psyfa.uib.no

Tlf 55 58 27 10