Hjem
Utdanning
Masteremne

Fordjuping og prosjektplan, IKT

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodePED324
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Deltid

Undervisningssemester

Vår, annakvart år. I særskilte høve kan fakultetet gje tilbod om avgrensa undervising i det påfølgande haustsemesteret.

Undervisningsstad

Studiet er nettbasert, men i starten av kvart semester blir det vanlegvis arrangert ei samling i Bergen.

Mål og innhald

Siktemålet med emnet er å forberede studentane til det praktiske og teoretiske arbeidet med masteroppgåva. Gjennom litteraturstudiar, fag- og skriveseminar skal studentane utvikle ein prosjektplan som skal være utgangspunktet for masteroppgåva. Emnet skal vidare gje studentane moglegheit til fordjuping innan eit sjølvvald temaområde med relevans for masteroppgåva. Fordjupingsområda i programmet er knytt til forskingsområda i det pedagogiske fagmiljøet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten:

  • har oversikt over eksisterande teoriar, metodar, forskingsresultat og fortolkingar innan det tematiske området vedkommande fordjupar seg i
  • har oversikt over ulike faglige informasjonskjelder

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan analysere eksisterande teoriar, metodar, forskingsresultat og fortolkingar innan det tematiske området vedkommande fordjupar seg i
  • kan utvikle aktuelle pedagogiske forskingsspørsmål med utgangspunkt i kunnskap om det tematiske området vedkommande fordjupar seg i
  • kan anvende faglig og sjangerspesifikk kunnskap på sjølvstendig vis
  • kan skrive forskings- eller teorireview innan det tematiske området vedkommande fordjupar seg i
  • kan utvikle og skrive ein prosjektplan som legg grunnlaget for arbeidet med masteroppgåva

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan forholde seg kritisk til ulike faglige informasjonskjelder
  • kan formidle sjølvstendig arbeid og beherske fagområdet sine uttrykksformer

Krav til forkunnskapar

Ingen 

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogram i pedagogikk, IKT-basert.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Emnet nyttar oppgåveskriving, nettbaserte seminar og rettleiing med litteraturstudiar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Skriftlig presentasjon av litteraturgjennomgang innanfor det fordjupningsområdet studenten vel å fordjupe seg i, samt å gi tilbakemelding på medstudent sin skriftlige presentasjon er obligatoriske arbeidskrav i emnet.

Vurderingsformer

Eksamen er ein prosjektplan for masteroppgåva på 2500 ord som gjev eit oversiktleg og realistisk inntrykk av arbeidet som blir planlagt.

Karakterskala

Greidd/ikkje greidd

Vurderingssemester

Vår, annakvart år. I særskilte høve kan fakultetet gje tilbod om vurdering i det påfølgande haustsemesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Det blir forventa at studentane gjer seg kjent med ulike søkeportalar, for sjølv å kunne finne fram til relevant litteratur og lage individuell litteraturliste på 800 - 1000 sider.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for pedagogikk

Emneansvarleg

Institutt for pedagogikk

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

Studieveileder@psyfa.uib.no

Tlf 55 58 27 10