Masteroppgåve i pedagogikk

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Gjennom arbeidet med masteroppgåva skal studentane dokumentere at dei kan utføre eit sjølvstendig vitskapeleg arbeid under rettleiing. Studenten skal dokumentere kunnskap om sentrale forskingsprinsipp, kunne gjennomføre systematisk og kritisk analyse av problemstillingar og datatilfang og kunne framstille saksområdet klart og presist.

Masteroppgåva kan ta form av ein monografi eller ein artikkel med kappe. Uavhengig av form skal masteroppgåva utførleg behandle eit bestemt emne eller ein avgrensa del av eit vitskapeleg problem. I dette studiet vil masteroppgåvene vanlegvis ha utgangspunkt i ein empirisk studie. Masteroppgåva kan også ha form av teoristudiar der ein gjennomgår og kritisk analyserer litteratur med pedagogisk relevans. Krav til innhald og omfang av masteroppgåva vil bli gjort kjend for studentane i skriv ved studiestart.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten:

  • har inngåande kunnskap om og kan bruke pedagogiske omgrep, kunnskap og teoriar innan masteroppgåva sitt tematiske område på ein relevant fagleg måte
  • kan formulere klare problemstillingar og grunngje at desse er pedagogikkfagleg interessante og relevante

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan samle, systematisere, analysere, tolke, diskutere og presentere materiale og funn på ein sjølvstendig, nøyaktig, etisk forsvarlig og oversiktleg måte
  • kan grunngje val av metode, teori og litteratur
  • viser korleis samanfatningar og konklusjonar er i samsvar med teoretiske premiss, problemstillingar og empirisk materiale
  • kan bruke litteratur- og sitattilvisingar og kjelder på ein korrekt, konsekvent, etisk og oversiktleg måte

Generell kompetanse

Studenten:

  • meistrar fagområdet sine uttrykksformer ved å presentere masteroppgåva på ein ryddig og oversiktleg måte med ein presis, logisk og drøftande presentasjonsform som er forståeleg og språkleg tilfredsstillande
  • kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid
  • viser evne både til sjølvstendig arbeid og til samarbeid med rettleier

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

60

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen.
Krav til forkunnskapar
Det er ein føresetnad at eksamen i PED311, PED312, PED313 og PED314 er avlagt og bestått før ein tar emnet PED395.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett på masterprogrammet i pedagogikk.
Arbeids- og undervisningsformer
Kvar student får tildelt ein fagleg rettleiar når prosjektplanen, PED314, er godkjent. Rettleiingskontrakt og retningslinjer for rettleiing skal underskrivast av student og rettleiar. Arbeidet med masteroppgåva er i hovudsak individuelt arbeid. Kvar student har krav på 40 timar rettleiing. Deler av rettleiinga kan bli gitt i grupper. Det blir tilbod om seminar i løpet av den aktuelle perioden.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Kvar student får tildelt ein fagleg rettleiar når prosjektplanen, PED314, er godkjent. Rettleiingskontrakt og retningslinjer for rettleiing skal underskrivast av student og rettleiar. Arbeidet med masteroppgåva er i hovudsak individuelt arbeid. Kvar student har krav på 40 timar rettleiing. Deler av rettleiinga kan bli gitt i grupper. Det blir tilbod om seminar i løpet av den aktuelle perioden.

Frist for å levere rettleiarkontrakt er 15. oktober

Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Innlevering av rettleiingskontrakt
  • Vurderingsformer
  • Innlevering av individuell masteroppgåve. Masteroppgåva kan leverast inn som ein monografi eller som ein artikkel. Omfang og formkrav for oppgåva er spesifisert i rettleiingsheftet.
  • Munnleg høyring. Den munnlege høyringa kan justere karakteren på mastergradsoppgåva med ein bokstavkarakter.
  • I prosjekt med stor arbeidsmengde kan to studentar søke om å få skrive oppgåve saman. Den enkelte sin arbeidsinnsats skal da tilsvare 60 studiepoeng.

    Karakterskala
    Ved sensur av masteroppgåva nyttast karakterskalaen A-F.
    Vurderingssemester
    Vår og haust
    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere individuell for kvar enkelt masteroppgåve.
    Emneevaluering
    Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringa er nettbasert.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Ingen
    Programansvarleg
    Insitutt for pedagogikk.
    Emneansvarleg
    Institutt for pedagogikk.
    Administrativt ansvarleg
    Det psykologiske fakultet