Hjem
Utdanning
Masteremne

Masteroppgåve i pedagogikk IKT

Studiepoeng, omfang

60

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Deltid

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Studiet er nettbasert, men i løpet av prosjektperioden blir det vanlegvis arrangert ein eller fleire samlingar i Bergen.

Mål og innhald

Gjennom arbeidet med masteroppgåva skal studentane dokumentere at dei kan utføre eit sjølvstendig vitskapeleg arbeid under rettleiing. Studenten skal dokumentere kunnskap om sentrale forskingsprinsipp, kunne gjennomføre systematisk og kritisk analyse av problemstillingar og datatilfang og kunne framstille saksområdet klart og presist.

Masteroppgåva kan ta form av ein monografi eller ein artikkel med kappe. Uavhengig av form skal masteroppgåva utførleg behandle eit bestemt emne eller ein avgrensa del av eit vitskapeleg problem. I dette studiet vil masteroppgåvene vanlegvis ha utgangspunkt i ein empirisk studie. Masteroppgåva kan også ha form av teoristudiar der ein gjennomgår og kritisk analyserer litteratur med pedagogisk relevans. Krav til innhald og omfang av masteroppgåva vil bli gjort kjend for studentane i skriv ved studiestart.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten:

  • har inngåande kunnskap om og kan bruke pedagogiske omgrep, kunnskap og teoriar innan masteroppgåva sitt tematiske område på ein relevant fagleg måte
  • kan formulere klare problemstillingar og grunngje at desse er pedagogikkfagleg interessante og relevante

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan samle, systematisere, analysere, tolke, diskutere og presentere materiale og funn på ein sjølvstendig, nøyaktig, etisk forsvarlig og oversiktleg måte
  • kan grunngje val av metode, teori og litteratur
  • viser korleis samanfatningar og konklusjonar er i samsvar med teoretiske premiss, problemstillingar og empirisk materiale
  • kan bruke litteratur- og sitattilvisingar og kjelder på ein korrekt, konsekvent, etisk og oversiktleg måte

Generell kompetanse

Studenten:

  • meistrar fagområdet sine uttrykksformer ved å presentere masteroppgåva på ein ryddig og oversiktleg måte med ein presis, logisk og drøftande presentasjonsform som er forståeleg og språkleg tilfredsstillande
  • kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid
  • viser evne både til sjølvstendig arbeid og til samarbeid med rettleier

Krav til forkunnskapar

Det er ein føresetnad at eksamen i PED321, PED322, PED323 og PED324 er avlagt og bestått før ein tar emnet PED396.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogram i pedagogikk, IKT-basert.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Kvar student får tildelt ein fagleg rettleiar når prosjektplanen, PED324, er godkjent. Rettleiingskontrakt og retningslinjer for rettleiing skal underskrivast av student og rettleiar. Arbeidet med masteroppgåva er i hovudsak individuelt arbeid. Kvar student har krav på 40 timar rettleiing. Deler av rettleiinga kan bli gitt i grupper.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Eksamen består av masteroppgåva, samt ein munnleg høyring knytt til denne. Den munnlege høyringa kan justere karakteren på mastergradsoppgåva med ein bokstavkarakter.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Vår og haust.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere individuell for kvar enkelt masteroppgåve.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringa er nettbasert.

Programansvarleg

Institutt for pedagogikk.

Emneansvarleg

Institutt for pedagogikk

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

Studieveileder@psyfa.uib.no

Tlf 55 58 27 10

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Masteroppgåve med justerande munnleg prøve

    Trekkfrist
    01.11.2019
    • Eksamensdel: Masteroppgåve

      Innleveringsfrist
      15.11.2019, 13:00
    • Eksamensdel: Justerande munnleg prøve