Hjem
Etter- og videreutdanning
Etter- og videreutdanning

Mentorutdanning - Rettleiing av nye lærarar

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodePED641
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Målgruppe

Lærarar i skolen som ynskjer å auke rettleiarkompetansen sin og som ynskjer å rettleie nye lærarar i skulen

Undervisning

Studiet er lagt opp som eit deltidsstudium over to semester og består av 4 dagssamlingar ved UiB kvart semester, totalt 8 samlingar.

Samlingane består av forelesingar, diskusjonar som tar utgangspunkt i deltakarane sin eigen rettleiingspraksis og andre studentaktive arbeidsmåtar. Aksjonsforsking blir brukt som eit systematisk refleksjons- og utviklingsverktøy. Videoopptak av rettleiingsmøte blir brukt i analyse av gode rettleiingssituasjonar.

Det er krav om deltaking på minimum 6 av dei 8 samlingane. Sjå elles emnebeskrivelsen for nærmare omtale av obligatoriske arbeidskrav i løpet av studiet.

Vurdering / eksamen

Aksjonsforskingsoppgåve på 5000 ord. +/- 10 %

Det obligatoriske arbeidet i studiet er knytt til gjennomføring av aksjonsforsking på eigen arbeidsplass knytt til rettleiing av nyutdanna lærarar. Oppgåva vert skriven under rettleiing av lærarutdannar ved UiB og tilbakemelding frå medstudentar. Hovudinnhaldet i oppgåva presenterast munnleg i seminar for medstudentar.


Oppgåva blir vurdert etter karakterskalaen A-F.

Opptaks- og forkunnskapskrav

Lærarutdanning
Minimum 3 års yrkeserfaring som lærar i skulen

Kontakt

Kontakt

For spørsmål om søknad og opptak:

UiB Videre
55 58 20 40
videre@uib.no

For spørsmål om fagleg innhald i studiet:
 

Det psykologiske fakultet
v/ Hege Ekeland
55 58 47 68
hege.ekeland@uib.no

Tilgjengelege kurs

Ingen tilgjengelege kurs