Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Innføring i kriminalomsorg som læringsarena

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår og haust

Mål og innhald

Emnet skal gi studentane grunnleggjande kunnskapar om korleis ein historisk og juridisk har sett på formell og uformell opplæring som kriminalitetsførebyggjande tiltak. Dei som tek emnet skal få kunnskap om empiri og teori knytt til mangfaldet av forhold som utviklar og hindrar kriminalitet. Studiet tek såleis opp dei mest vanlege vanskane hos menneske som viser risiko for kriminalitet, slik som lærevanskar og mangel på motivasjon, og korleis slike vanskar kan reduserast. Undervisninga skal primært ivareta den forskingsbaserte tilnærminga som krevst av eit slikt emne, men vil også leggja vekt på praktiske oppgåver og døme.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten har kunnskapar om empiriske funn og teoriar knytte til ...

- årsaker til kriminalitet i eit historisk- og dagsaktuelt perspektiv
- retten til utdanning frå eit straffegjennomføringsperspektiv
- variasjonen i behov hos populasjonen innsette, med tanke på kjønn og etnisk og nasjonal tilknyting
- lærevanskar hos menneske som sonar straff
- forhold som hindrar og styrkjer motivasjon og læring hos dei som gjennomfører straff
- forhold som medverkar til vellukka tilbakeføring til samfunnet og hjelpeapparatet sine roller
- utdanning som ein del av det kriminalitetsførebyggjande arbeidet

Ferdigheiter

Studenten kan ..
- setja seg inn i faglitteratur på ein slik måte at han/ho skjønar kva som skil forskingsbasert kunnskap frå

anna kunnskap
- drøfta sentrale modellar og prinsipp for reduksjon av kriminalitet
- greia ut om kriminalomsorg og skule sine roller under straffegjennomføringa, historisk og i notid
- greia ut om korleis lærarar og tilsette i kriminalomsorga kan motivera dei som sonar til å ta utdanning
- forklara korleis lærevanskar medverkar til utvikling av kriminalitet
- bruka det han/ho har lært i drøftingar om det som høyrer til kvardagslivet under straffegjennomføring

Generell kompetanse

Studenten kan .
- analysera korleis ulike forhold i individet og i miljøet saman medverkar til å utvikla kriminalitet
- ha innsikt i dei som sonar sin rett til utdanning i lys av både internasjonal rett og nasjonalt lovverk skjøna korleis etnisk og nasjonalt mangfald blant dei som gjennomfører straff krev ulik tilnærming til utdanning
- skjøna og ha respekt for rolla til ulike profesjonar sitt arbeid i fengsel og skjøna dilemma som kan oppstå i samarbeid mellom profesjonane
- analysera mangfaldet av forhold som fremjar eller hindrar læring og tilbakeføring til samfunnet etter straffegjennomføring
- lesa faglitteratur på ein kritisk måte og formidle faginnhaldet i denne litteraturen til andre

Krav til forkunnskapar

For å kunne melde seg opp til eksamen i emnet må man ha generell studiekompetanse eller oppfylle krava til realkompetanse. Ut over dette er det ingen særskilte krav til forkunnskaper.

Søkarar over 25 år som søkjer opptak til videreutdanning, vert tatt opp på grunnlag av generell studiekompetanse eller realkompetanse, som ikkje må dokumenterast. Det er ein føremon, men ikkje eit krav, at søkjar har erfaring innan kriminalomsorg, skule- og opplæring, barnevern eller sosialfagleg arbeid.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er organisert som førelesingar, seminar, paneldebatt og ekskursjon. Det blir skipa til fire samlingar, kvar på 12 timar strekt over to vekedagar (til saman 48 timar undervisning). Emnet vil også gjera seg nytte av ein digital læringsplattform som kan knyta studentar og førelesarar tettare saman i ulike deler av kurset.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Svar skriftleg 3-5 sider på ein problemstilling som gjeld eigen institusjon (fengsel).

Vurderingsformer

Eksamen består av en sju dagars skriftleg individuell heimeeksamen.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Vår og haust

Litteraturliste

Liste med anbefalt litteratur utgjer kring 1000 sider frå bøker, rapportar og artiklar (litteraturliste vil vera klar innan 01.01.21 for det komande semesteret).

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Administrativt ansvarleg

Institutt for samfunnspsykologi

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Innleveringsfrist
    01.12.2021, 15:00
    Trekkfrist
    11.11.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen