Hjem
Utdanning
Masteremne

Skuleleiing

  • Studiepoeng30
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodePED661
  • Talet på semester3
  • SpråkNorsk.
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningssemester

Undervisninga går over tre semester med start kvar haust.

Undervisningsstad

Etter nærare avtale.

Mål og innhald

Studiet legg til grunn at den sentrale utfordringa for rektorar i dag er leiing av faglege læringsprosessar både i elevgruppa og i skulen sitt personale. Studiet tek sikte på at studentane skal få inngåande kunnskap om styring, leiing, læring og organisasjonsutvikling. Studentane skal få forståing for sentrale pedagogiske og administrative utfordringar og dilemma skuleleiarar kan møte i kvardagen og kunne reflekterer kring desse. Innsikt i teori, fagstoff og forsking kombinert med praktiske øvingar og gjennomføring av eit utviklingsarbeid på eigen skule skal vere med på å utvikle studentane sin integrerte kompetanse. Utvikling av forståing for ansvar og oppgåver knytt til leiing og samhandling med aktørar på ulike nivå i skulesystemet skal vere med på å gi

studentane eit grunnlag for eigenutvikling som leiar og gjere dei tryggare i leiarrolla.

Utdanningstilbodet er tett knytt til skuleleiaren sine daglege oppgåver og funksjonar. Stikkord for studiet sin profil er tverrfagleg tilnærming, praksisforankring og samhandling. Det blir lagt vekt på at deltakarane skal utvikle kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse innanfor fem temaområde:

  • Læringsresultat og læringsmiljø for elevar
  • Styring og administrasjon
  • Samarbeid og organisasjon
  • Utvikling og endring
  • Leiarrolla - ei heilskapleg utfordring

Læringsutbyte

Kunnskap

  • har inngåande kunnskap om nyare forsking og sentrale teoriar om læring, leiing og utvikling av lærande organisasjonar
  • har avansert kunnskap om innhaldet i omgrepa resultat-, struktur og prosesskvalitet og samanhengane mellom desse
  • har inngåande kunnskap om relevante styringsdokument, lover og forskrifter i styring og leiing av skulen
  • har inngåande kunnskap om tilhøvet mellom offentlig forvaltning og politisk styring knytt til leiing av skolen
  • har avansert kunnskap om IKT som kunnskapssystem i offentlege verksemder

Ferdigheiter

  • kan planleggje, leie, gjennomføre og vurdere eit utviklingsprosjekt på eigen skule i samarbeid med aktuelle aktørar
  • kan analysere, kommunisere og bruke resultat frå nasjonale og internasjonale testar, prøver og undersøkingar for å utvikle læringsmiljøet og læringsutbyttet til elevane
  • kan analysere faglege problemstillingar knytt til styring, makt og medverknad i demokratiske utviklingsprosessar i skulen
  • kan analysere skulen som organisasjon og reflektere kring eiga rolle som leiar
  • kan kommunisere med andre i skulesamfunnet i ulike situasjonar, deriblant å kunne handtere kriser og konfliktar

Generell kompetanse

  • har utvikla tryggheit i rolla som skuleleiar både fagleg, pedagogisk og administrativt og har ein heilskapleg forståing av leiarrolla
  • kan reflektere kritisk kring ulike utfordringar og dilemma og knyte dette til eigen utvikling som leiar
  • kan leie og styre utviklings- og endringsprosessar og ha innsikt i tilhøve som legg rammer kring eit utviklingsarbeid
  • kan kommunisere og samhandle med aktørar på ulike nivå i skulesystemet
  • kan analysere organisasjonskultur, forstå samanhengar mellom og leiing og utvikling og bruke dette som grunnlag for nytenking og utvikling i organisasjonen

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse (realkompetanse etter individuell vurdering).

Krav til studierett

Emnet er ope for dei som har fått tildelt EVU-rett til emnet etter søknad og opptak gjennom Senter for etter- og vidareutdanning (SEVU).

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vert gitt i form av forelesingar, seminar, samarbeid i grupper, gruppe- og IKT-basert rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skriv fire korte refleksjonsnotat mellom samlingar.

Vurderingsformer

Eksamensmappe med to tekstar, ein utviklingstekst og ein fordjupingstekst.

Karakterskala

Det blir gitt ein samla vurdering av dei to tekstene. Ved sensur av emnet blir karakterskalaen greidd/ikkje greidd nytta.

Vurderingssemester

Haust eller vår.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

Institutt for pedagogikk, Det psykologiske fakultet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

For meir informasjon, ver venleg å ta kontakt med koordinator Helene Kjærgård Eide, e-post: helene.eide@psych.uib.no, tlf: 55 58 47 04.

Fagleg ansvarleg for emnet er Astrid Tolo.