Kriminalomsorg som læringsarena
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodePED665
- Talet på semester2
- SpråkNorsk
- Ressursar
Studiepoeng, omfang
Emnet har eit omfang på 15 studiepoeng og er normert til eitt semesters deltidsstudium.
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Vår og haust
Undervisningsstad
Universitetet i Bergen
Mål og innhald
Mål:
Emnet kal formidle forståing for det ideologiske, historiske, juridiske, etiske og kunnskapsbaserte grunnlaget for utdanning innanfor kriminalomsorga og relaterte utdannings- og opplæringsinstitusjonar. Studentane får forskingsbasert og praksisrelatert kunnskap om læring hos vanskelegstilte unge og vaksne. Undervisninga er difor sett saman av både teoretiske perspektiv og praktiske oppgåver. Gjennom førelesingar og feltarbeid får studentane kunnskap til å arbeida med unge og vaksne som er under soning, eller som er under habilitering etter soning.
Innhald:
Studiet tek opp dei mest vanlege vanskane hos menneske som viser antisosial åtferd og kriminalitet og aktuelle vaksenpedagogiske tiltak. Dette inneber kunnskap om systemiske forhold knytte til straff og soning, der det særleg blir lagt vekt på støttesystem under og etter avslutta soning.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten ..
*har kunnskap om det ideologiske og historiske grunnlaget for utdanning og opplæring i kriminalomsorga
*har kunnskap om retten til utdanning i folkerettslege regelverk, straffegjennomføringslova og opplæringslova
*har kunnskap om kjenneteikn ved fangepopulasjonen og andre vaksne som visar antisosial åtferd og kriminalitet
*har kunnskap om forhold som hindrar og styrkjer motivasjon og læring i kriminalomsorg og relaterte tenester
*har kunnskap om det fleirkulturelle klasserommet og organisering av tilboda for utanlandske innsette
*har kunnskap om kriminalomsorga sitt forhold til det digitale samfunnet og det digitaliserte samfunnssystemet
*har kunnskap om kriminalomsorga sitt interne og eksterne støttesystem og arbeidet med tilbakeføring til samfunnet
Ferdigheiter
Studenten ..
*kan kartleggja og analysera eit læringsmiljø (t.d. skuleavdelinga i fengsel) med tanke på korleis miljøet kan fremja utvikling hos eleven
*kan analysera og planleggja oppfølging etter avslutta soning
*kan kartleggja elevar sin digitale kompetanse (i t.d. skuleavdelinga i fengsel)
*kan skriva rapport om kompetansevurdering og læringsbehov hos ein elev
*kan forstå individuelle og kontekstuelle faktorar i planlegging av opplæring og tilrettelagt undervisning
Generell kompetanse
Studenten ..
*har forståing og respekt for variasjon i åtferd og evner innan grupper av vanskelegstilte unge og vaksne
*har forståing og respekt for ulike profesjonar sitt arbeid med unge og vaksne i kriminalomsorg og relaterte tenester
*har innsikt i det formelle og uformelle nettverket kring eleven som fremjar eller hindrar læring og habilitering
*har forståing for kva konsekvensar digitale skilje kan ha for unge og vaksne i kriminalomsorga
*har evne til å identifisera og reflektera over etiske problemstillingar og vurdera etiske dilemma ved opplæring i kriminalomsorga
*kan lese forskingslitteratur på ein kritisk måte og formidle faginnhaldet i denne litteraturen
Krav til forkunnskapar
Søkjar må ha utdanning innan relevante fag på minimum bachelornivå eller tilsvarande nivå. Det er ein føremon, men ikkje eit krav, at søkjar har erfaring innan kriminalomsorg, skule- og opplæring, barnevern eller sosialfagleg arbeid. Studentar som ønskjer å la emnet inngå i ein mastergrad eller eit profesjonsstudium, kan også søkja.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Undervisninga er organisert som førelesingar, seminar, ekskursjonar og studentpresentasjonar, og føregår som fire helgesamlingar a 12 timar. Emnet vil også gjera seg nytte av ein digital læringsplattform som arena for å knyta studentar og førelesarar tettare saman i ulike læringsprosessar. Studentane arbeider i tillegg med ei emneoppgåve knytt til prosjektrapport. Totalt utgjer undervisning og arbeid med oppgåve 400 timar. Dette inkluderer 200 timar til sjølvstudium.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Kort feltarbeid i fengsel ¿ ein dag gruppevis for kvar student.
Seminar med presentasjon av svar på problemstillingar knytte til feltarbeid.
Obligatoriske arbeidskrav må vera godkjende.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
¿ Skriftleg prosjektrapport med munnleg høyring ¿ med inntil tre deltakarar. Rapporten skal ha maksimum 6000 ord og APA-standard.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
Bestått\ Ikke bestått
Vurderingssemester
Vår og haust
Litteraturliste
Studentane må lesa kring 600 sider kjernelitteratur og kring 600 sider valt litteratur («anbefalt litteratur») for å oppnå læringsutbyte (litteraturliste vil vera klar innan 01.06/01.01. for det komande semesteret).
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem. Dette inneber standardisert spørjeskjema etter avslutta emne.
Programansvarleg
Institutt for biologisk og medisinsk psykologi
Institutt
Institutt for samfunnspsykologi