Pedagogisk rettleiing
- Studiepoeng5
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodePED667
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
5 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Master
Fulltid/deltid
Deltid
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
Rettleiing innafor lærarprofesjonen er eit emne som tek sikte på å kvalifisere til oppgåver som rettleiar/mentor innafor lærarprofesjonen. Føremålet med studiet er å utvikle teoretisk innsikt i pedagogisk rettleiing som reiskap for profesjonell utvikling. Studiet vil ha ei praktisk forankring basert på deltakarane sin praksis som rettleiarar/mentorar.
Studiepoengsreduksjon
PED600 5 studiepoeng
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Emnet er lagt opp som 2 dagssamlingar ved UiB. Samlingane er ein kombinasjon av førelesingar, diskusjonar som tar utgangspunkt i deltakarane sin eigen rettleiingspraksis og andre studentaktive arbeidsmåtar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Følgjande aktivitetar er obligatoriske:
- førebudd deltaking på samlingar
- lese utvalde tekstar på pensum og førebu ein munnleg presentasjon til første samling der ein trekker fram nokre poeng frå det ein har lese.
Dei obligatoriske arbeidskrava må godkjennast av lærar før studenten får ta eksamen.
Karakterskala
Skriftleg eksamen blir vurdert med bestått/ikkje bestått.
Emneansvarleg
Institutt for pedagogikk