Pedagogisk rettleiing

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Rettleiing innafor lærarprofesjonen er eit emne som tek sikte på å kvalifisere til oppgåver som rettleiar/mentor innafor lærarprofesjonen. Føremålet med studiet er å utvikle teoretisk innsikt i pedagogisk rettleiing som reiskap for profesjonell utvikling. Studiet vil ha ei praktisk forankring basert på deltakarane sin praksis som rettleiarar/mentorar.

Læringsutbyte

Fulltid/deltid

Deltid

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust
Studiepoengsreduksjon
PED600 5 studiepoeng
Arbeids- og undervisningsformer
Emnet er lagt opp som 2 dagssamlingar ved UiB. Samlingane er ein kombinasjon av førelesingar, diskusjonar som tar utgangspunkt i deltakarane sin eigen rettleiingspraksis og andre studentaktive arbeidsmåtar
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Følgjande aktivitetar er obligatoriske:

  • førebudd deltaking på samlingar
  • lese utvalde tekstar på pensum og førebu ein munnleg presentasjon til første samling der ein trekker fram nokre poeng frå det ein har lese.

Dei obligatoriske arbeidskrava må godkjennast av lærar før studenten får ta eksamen.

Karakterskala
Skriftleg eksamen blir vurdert med bestått/ikkje bestått.
Emneansvarleg
Institutt for pedagogikk
Krav til forkunnskapar

Lærarutdanning

Minimum tre års yrkeserfaring som lærar i skulen

Vurderingsform
Emnet nyttar skriftleg vurdering i form av ein eksamenstekst på ca. 1500 ord.