Hjem
Etter- og videreutdanning
Etter- og videreutdanning

Migrasjon og inkludering i eit pedagogisk perspektiv

Beskrivelse

Kurset skal gje forskingsbasert og praksisrelatert kunnskap om korleis ein kan arbeide for å fremje sosial inkludering av barn med ulik minoritetsbakgrunn i skulen og andre institusjonar. Undervisninga tek utgangspunkt i konkrete case og problemområde frå deltakarane si profesjonelle erfaring eller interesse, og drøfter desse frå ulike teoretiske og normative perspektiv. Hovudfokus vil vere barn og unge med minoritetsbakgrunn sin situasjon i skulen og i andre velferdsinstitusjonar, samt læraren og andre profesjonelle si rolle i arbeidet med å møte deira behov

Emnet tek mellom anna for seg tema som:

  • Korleis fremje sosial inkludering i ulike institusjonar?
  • Korleis ulike pedagogiske tiltak kan fremje læring, utvikling og danning?
  • Kva det betyr å vera minoritetsspråkleg og korleis arbeide med språklæring?
  • Korleis identifisere og motarbeide rasisme, diskriminering og fordommar?
  • Korleis fremje livsmeistring i møte med traume og andre vanskar?
  • Korleis fremje godt foreldresamarbeid?

Målgruppe

Emnet passer for deg som er fagperson og arbeider i institusjonar som skule, barnehage, barnevern, helsevesen, asylmottak, eller bufellesskap for barn og unge, og som ønskjer påfyll av migrasjonsfagleg kompetanse. Emnet er også ope for studentar som ønskjer å la emnet inngå i ein mastergrad eller eit profesjonsstudium.

Undervisning

Undervisninga er organisert over to semester, med tre helgesamlingar ved Universitetet i Bergen. Emnet nyttar arbeids- og undervisningsformer som fremjar studentaktivitet, til dømes problem- og casebasert læring der du må finne løysingar saman med ein eller fleire medstudentar. Du vil også få førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper, kombinert med tilbakemelding frå undervisar og/eller medstudentar. Før og etter samlingar vil du få tilgang til relevante nettressursar, mellom anna korte videoførelesningar og diskusjonsforum.

Det er obligatorisk å delta på min. 80% av samlingane.

Vurdering / eksamen

Innlevering av semesteroppgåve (3000 ord +/- 10 %) med utgangspunkt i godkjent problemstilling.

Opptaks- og forkunnskapskrav

Kurset er eit vidareutdanningstilbod på masternivå, og krev difor at søkjar har bachelor i pedagogikk, barnevern, sosialfag eller andre relevant utdanning på same nivå, til dømes lærarutdanning.

Det er ein føremon, men ikkje eit krav, at søkjar har erfaring innan skule- og opplæring, barnevern eller sosialfagleg arbeid, asylmottak eller bufellesskap for barn og unge. Studentar som ønskjer å la emnet inngå i ein mastergrad eller eit profesjonsstudium, kan også søkja.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Deltid

Undervisningssemester

Haust/vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi ei innføring i tilhøve som er relevante for migrasjon og inkludering i eit pedagogisk perspektiv. Dette gjeld både det styringsideologiske, historiske, juridiske, etiske, profesjons- og kunnskapsbaserte grunnlaget for utdanning i et fleirkulturelt samfunn. Undervisninga er sett saman av både teoretiske perspektiv og praktiske oppgåver, og emnet skal formidle forståing rundt skulen i eit fleirkulturelt samfunn, barn og unge med migrasjonsbakgrunn, deira situasjon og behov, samt læraren og andre profesjonelle si rolle i arbeidet med denne gruppa elevar. Studentane får forskingsbasert og praksisrelatert kunnskap om korleis ein kan arbeide for å fremje sosial inkludering av desse elevane i skule og andre relevante institusjonar. Undervisninga vil ta utgangspunkt i konkrete case og problemområder frå deltakarane si profesjonelle erfaring, og drøfte desse frå ulike teoretiske og normative perspektiv. Formålet er auka refleksjon og kompetanse på mangfald og inkludering.

Læringsutbyte

Kunnskapar

 

Studenten har¿

¿ avansert kunnskap om det styringsideologiske, juridiske, profesjons- og kunnskapsorienterte og etiske grunnlaget for migrasjon og utdanning.

¿ inngåande kunnskap om skulen si rolle i det fleirkulturelle samfunnet.

¿ inngåande kunnskap om elevar med migrasjonsbakgrunn, deira situasjon og behov.

¿ kunnskap om god profesjonell praksis i arbeidet med barn og unge med migrasjonsbakgrunn.

¿ kunnskap om skulen og andre institusjonar si rolle i møte med ein fleirkulturell elevpopulasjon.

¿ kunnskap om traume og livsvanskar, og profesjonsutøvarar sine etiske plikter når vanskar oppstår.

¿ kunnskap om samarbeid med foreldre med anna språkleg og kulturell bakgrunn enn den profesjonelle sin eigne.

 

Ferdigheiter

 

Studenten kan¿

¿ reflektere sjølvstendig over det teoretiske, styringsideologiske, juridiske, profesjonelle og etiske grunnlaget for migrasjon og utdanning.

¿ arbeide systematisk for å fremje sosial inkludering for barn og unge med migrasjonsbakgrunn.

¿ identifisere og setje ord på fenomen som rasisme, diskriminering og fordommar.

¿ analysere og kartleggje eit læringsmiljø og/eller skuleorganisasjon med tanke på å fremje inkluderande prosessar.

¿ utøve profesjonelt skjønn og god etisk dømmekraft i møte med barn og unge med migrasjonsbakgrunn.

 

Generell kompetanse

 

Studenten kan¿

¿ analysere og drøfte case og erfaringsbaserte utfordringar med utgangspunkt i teori.

¿ forstå kva som fremjer inkluderande og integrerande praksis, og motverkar marginaliserande og ekskluderande praksis.

¿ forstå, og ha respekt for variasjon i barn og unge sin kulturelle og språklege bakgrunn.

¿ samarbeide med ulike profesjonar for å fremje inkluderande praksis.

¿ identifisere og reflektere over etiske problemstillingar i arbeid med barn og unge med migrasjonsbakgrunn.

Tilrådde forkunnskapar

Det er ein føremon, men ikkje eit krav, at søkjar har erfaring innan skule- og opplæring, barnevern eller sosialfagleg arbeid, asylmottak eller bufellesskap for barn og unge. Studentar som ønskjer å la emnet inngå i ein mastergrad eller eit profesjonsstudium, kan også søkja.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar som har fått tildelt EVU-rett til emnet etter søknad.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Dette er eit samlingsbasert emne med tre samlingar i løpet av eit år. Det vert brukt arbeids- og undervisningsformer som legg til rette for studentaktivitet, til dømes problem- og casebasert læring der studentane må finne løysingar saman med ein eller fleire medstudentar. Undervisninga omfattar og førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper ¿ kombinert med tilbakemelding frå undervisar og/eller medstudentar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

80% oppmøte på samlingar. Presentasjon av eige prosjekt som skal danne grunnlag for semesteroppgåve.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Vår

Programansvarleg

Institutt for pedagogikk

Emneansvarleg

Institutt for pedagogikk

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Eksamensinformasjon