Profesjonelt samarbeid om born og unge med minoritetsbakgrunn

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi dybdekunnskap i forhold som er relevante for profesjonelt samarbeid om barn og unge med minoritetsbakgrunn. Dette gjeld både det politiske, juridiske, etiske, kunnskapsbaserte og praktiske grunnlaget for profesjonell utvikling og samarbeid i eit fleirkulturelt samfunn. Undervisninga vektlegg teoretiske perspektiv og praktiske oppgåver og skal formidle forståing rundt barn og unge med minoritetsbakgrunn, og deira situasjon og behov innan skule, helse, barnevern, flyktningteneste, PPT og andre profesjonelle instansar. Studentane får forskingsbasert og praksisrelatert kunnskap om korleis ein kan arbeide for å fremje sosial inkludering av barn og unge med minoritetsbakgrunn og deira føresette. Undervisninga vil ta utgangspunkt i konkrete case og problemområde frå deltakarane si profesjonelle erfaring, og drøfte desse frå ulike teoretiske, kritiske og normative perspektiv. Føremålet er auka refleksjon, kompetanse og profesjonelt samarbeid rundt mangfald og inkludering.

Læringsutbyte

Kunnskapar
Studenten har:

- kunnskap om det politiske, juridiske, kunnskapsorienterte og etiske grunnlaget for profesjonell utvikling og samarbeid om barn og unge med minoritetsbakgrunn
- kunnskap om ulike profesjonelle instansar si rolle i det fleirkulturelle samfunnet
- kunnskap om barn og unge med minoritetsbakgrunn, deira situasjon og behov
- kunnskap om utsette barn og unge sine særeigne livsvanskar, samt profesjonsutøvarar sine etiske pliktar når vanskar oppstår
- kunnskap om korleis ein fremjar livsmeistring, resiliens og myndiggjering på individ- og systemnivå
- kunnskap om korleis ein fremjar samarbeid med føresette med anna språkleg og kulturell bakgrunn enn den profesjonelle sin eigne

Ferdigheiter
Studenten kan:

- utøve profesjonelt skjønn og god etisk dømmekraft i møte med barn og unge med minoritetsbakgrunn, med tanke på å fremje inkluderande prosessar
- samarbeide systematisk for å fremje sosial inkludering av barn og unge med minoritetsbakgrunn.
- identifisere og reflektere over fenomen som rasisme, diskriminering og fordommar
- analysere og drøfte case og erfaringsbaserte utfordringar med utgangspunkt i teori
- fremje livsmeistring, resiliens og myndiggjering på individ og systemnivå

Generell kompetanse
Studenten kan:
- formidle kunnskap om kva som fremjar inkludering og integrering, og kva som kan motverke marginaliserande og ekskluderande praksisar
- reflektere over det teoretiske, politiske, juridiske, profesjonelle og etiske grunnlaget for profesjonell utvikling og samarbeid om barn og unge med minoritetsbakgrunn
- reflektera over kunnskapsteoretiske og etiske problemstillingar i arbeid med barn og unge med minoritetsbakgrunn

Fulltid/deltid

Deltid

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust/vår

Undervisningsstad

Bergen, digitalt
Krav til forkunnskapar
Bachelor i pedagogikk, barnevern, helse- og sosialfag, og andre relevante utdanningar på same nivå, eller lærarutdanning.
Tilrådde forkunnskapar
Det er ein føremon, men ikkje eit krav, at søkjar har erfaring innan skule- og opplæring, barnevern eller helse- og sosialfagleg arbeid, asylmottak, bufellesskap for barn og unge, eller andre relevante institusjonar. Studentar som ønskjer å la emnet inngå i ein mastergrad eller eit profesjonsstudium, kan også søkje.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar som har fått tildelt EVU-rett til emnet etter søknad.
Arbeids- og undervisningsformer
Dette er eit samlingsbasert emne med tre samlingar i løpet av eit år, kor aktivitetane går føre seg digitalt. Det vert brukt arbeids- og undervisningsformer som leggjar til rette for studentaktivitet, til dømes problem- og casebasert læring der studentane må finne løysingar saman med ein eller fleire medstudentar. Undervisninga omfattar og førelesingar og seminarundervisning - kombinert med tilbakemelding frå undervisar og/eller medstudentar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
80% oppmøte på samlingar. Presentasjon av eige prosjekt som skal danne grunnlag for semesteroppgåve.
Vurderingsformer
Semesteroppgåve på om lag 5000 ord (+/- 10 %) kor studenten skal vise at han/ho kan presentere relevant kunnskap og drøfte med utgangspunkt i ei sjølvvalt problemstilling.
Karakterskala

Bokstavkarakterar med skalaen

A, B, C, D, E, F

Jf. Universitets- og høgskolerådet: http://www.uhr.no/ressurser/temasider/karaktersystemet_1/tekst_som_beskriver_det_norske_karaktersystemet

Vurderingssemester
Vår
Programansvarleg
Institutt for pedagogikk
Emneansvarleg
Institutt for pedagogikk
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet