Hjem
Etter- og videreutdanning
Etter- og videreutdanning

Rettleiing innafor lærarprofesjonen

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodePED670
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Beskrivelse

PED670 er det første, felles emnet som inngår i vidareutdanningstilbodet Veilederutdanning for lærarar.

Mål og innhold

Studiet kvalifiserer til oppgåver som rettleiar innanfor lærarprofesjonen. Føremålet med studiet er å gje inngåande forskingsbasert og teoretisk kunnskap om pedagogisk rettleiing som støtte for profesjonell utvikling. Vidare vil studiet bidra til forståing for rettleiing; individuelt og i grupper. Studiet vil vera praktisk forankra basert på deltakarane sin praksis som rettleiar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • har forskingsbasert kunnskap om lærerprofesjonen sin kvalifisering, utvikling og læring
  • har inngåande kunnskap om rettleiing, individuelt og i grupper, som verkemiddel for profesjonell utvikling
  • har forskingsbasert kunnskap om etiske dilemma knytt til arbeidet som lærar i skulen
  • har inngåande kunnskap om faglege, etiske og pedagogiske perspektiv på rettleiarrolla
  • har inngåande kunnskap om rettleiing som teoretisk og praktisk felt
  • har inngående kunnskap om dialog, kommunikasjon og relasjonsbygging i rettleiing
  • har kunnskap om læreplanar og pedagogiske utfordringar i eige skuleslag

Ferdigheiter

Studenten

  • kan kritisk reflektere over profesjonsrettleiing i utdanning og yrke ut frå forsking- og erfaringsbasert kunnskap
  • kan kommunisere og gjere etiske vurderingar i rettleiinga
  • kan ta i bruk ulike rettleiingsteoriar og metodar relatert til føremålet med rettleiinga og konteksten

Generell kompetanse

Studenten

  • kan analysere profesjonsforsking og nyare profesjonsteori som er relevant for rettleiingsfeltet i skulen
  • kan planlegge, grunngje, gjennomføre og kritisk vurdere kvalitet på rettleiingsprosessar

Undervisning

Emnet er lagt opp som eit kombinert nett- og samlingsbasert deltidsstudium over eitt semester. Dette er organisert gjennom tre samlingar på inntil to dagar kvar ved UiB. Samlingane er ein kombinasjon av førelesingar, diskusjonar som tek utgangspunkt i deltakarane sin eigen rettleiingspraksis og andre studentaktive arbeidsmåtar. Mellom samlingane er det arbeid med litteratur, oppgåver, tilbakemeldingar frå undervisar og/eller medstudentar, etc. på studiet si digitale læringsplattform.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Følgjande aktivitetar er obligatoriske og må godkjennast av lærar før studenten kan ta eksamen:

  • førebudd deltaking på minst 80 % av samlingar ved UiB
  • førebudd deltaking på minst 80 % av nettbaserte aktiviteta
  • skrive ein tekst på minst 1500 ord
  • gje skriftleg tilbakemelding på teksten til to medstudentar
  • halde ein munnleg presentasjon av ein planlagt, grunngjeven, gjennomført og vurdert rettleiingsprosess
  • gje munnleg tilbakemelding på framlegg til to medstudentar

Vurdering / eksamen

Individuell oppgåve 5000 ord +/- 10 %.

Eksamen blir vurdert med graderte karakterar frå A-F.

Opptaks- og forkunnskapskrav

Lærarutdanning

Minimum tre års erfaring som lærar i skulen

Kontakt

Kontakt

UiB Videre
55 58 20 40

videre@uib.no

Det psykologiske fakultet
55 58 27 10
studierettleiar@psyfa.uib.no

Tilgjengelege kurs

Haust 020
Pris: Ikkje studieavgift
Søknadsfrist: 21.06.2020