Hjem
Utdanning
Årsstudium

Praktisk pedagogikk - pedagogikk 1. semester

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å dyktiggjøre studentane i utøvinga av eit profesjonelt lærararbeid. Den profesjonelle læraren har mellom anna ansvar for elevane si læring, utvikling og danning. Det krev at ein har kunnskap om lovverk og mandat for opplæringa, lærings- og danningsprosessar og korleis opplæringa skal tilpassast mangfaldet i elevgruppa. Gjennom emne vil studentane få kunnskap om forsking innanfor dei aktuelle tema, samt at tematikken vidare skal utforskast av studentane i eigen praksis.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om skulen sitt mandat og funksjon i samfunnet og er oppdatert på gjeldande lov- og planverk
  • har kunnskap om læraryrket som profesjon
  • har kunnskap om sentrale lærings-, utviklings- og motivasjonsteoretiske perspektiv og har utvikla eit kritisk forhold til desse
  • har kunnskap om samanhengar mellom klasseleiing, undervisning, vurdering og eit inkluderande læringsfellesskap
  • har kunnskap om tilrettelegging av læringsaktivitetar for elevar med ulike læreføresetnader og kulturell bakgrunn
  • har kunnskap om ungdom i vanskelege situasjonar og deira rettigheiter i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv
  • har kunnskap om bruk av IKT i undervisninga og utfordringar og moglegheiter knytt til dette

Ferdigheiter

Studenten

  • kan identifisere og orientere seg i kunnskapsgrunnlaget for lærarprofesjonen
  • kan identifisere og analysere problemstillingar knytt til skulen sitt danningsoppdrag i eit demokratisk og fleirkulturelt samfunn.
  • kan foreslå og grunngje planar for eit godt klasse- og læringsmiljø i lys av teori
  • kan identifisere og analysere problemstillingar knytt til forholdet mellom ordinær undervisning og spesialundervisning
  • Kan anvende forskings- og erfaringsbasert kunnskap til å identifisere ulike aspekt ved vurdering
  • kan reflektere over digital kompetanse og IKT i lys av læreplanen sine overordna føringar på dette området

Generell kompetanse

Studenten

  • kan kritisk reflektere over faglege, danningsteoretiske, profesjonsetiske og utdanningspolitiske spørsmål
  • har ei profesjonell haldning og kan kritisk reflektere over spørsmål som gjeld elevars læring, danning og utvikling
  • kan formidle og kommunisere pedagogiske problemstillingar knytt til utøving av læraryrket på eit fagleg avansert nivå

Krav til studierett

Teken opp på Praktisk pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Bergen

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vert organisert som førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper. I tillegg har studentane eit innføringskurs på 12 timar.

Studentane skal òg gjennomføre 30 dagar praksis i PPUPRA101. Praksis må vere greidd for å kunne ta eksamen i PEDA101.

Seminarundervisninga legg vekt på studentaktive arbeidsmåtar og det vert rekna med at studentane møter førebudd til seminara. Kvar student har tilbod om 2 timar individuell rettleiing.

Omfang:

Innføringskurs: 12 timar

Forelesingar: 8 forelesingar á 2 timar

Seminar: 9 seminar á 2 timar, 2 seminar á 4 timar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 Følgjande aktivitetar er obligatoriske:

  • Delta og møte førebudd på seminar
  • Presentere eit case frå praksis med aktuell problemstilling munnleg på seminar.
  • Utforme ein tekst på ca. 1000 ord der studenten skildrar eit aktuelt case, synliggjer ein tydeleg problemstilling og knyt dette saman med relevant litteratur
  • Gje skriftleg tilbakemelding på caseskildringa til to medstudentar.
  • Halde ein munnleg presentasjon med utgangspunkt i det aktuelle caset.
  • Gje tilbakemelding på den munnlege presentasjonen til to medstudentar.

Vurderingsformer

Munnleg eksamen

Karakterskala

Munnleg eksamen vert vurdert med graderte karakterar frå A-F

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemesteret

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. Dette inneber evaluering ved hjelp av standardisert spørjeskjema til studentar og emneansvarleg si rapportering av denne evalueringa i Studiekvalitetsbasen.

Institutt

Institutt for pedagogikk

Kontakt

Kontaktinformasjon

For meir informasjon, ver vennleg å ta kontakt med studierettleiar/informasjonssenter:

studierettleiar.psyfa@uib.no Tlf. 55 58 27 10

Eksamensinformasjon