Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Skulen og lærarrolla

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Emnet gjer ei praktisk retta innføring i pedagogikk med fokus på lærarrolla, ungdomskultur og skulen si rolle i samfunnet. Studentane skal øvast opp til å observere og reflektere over skulesamfunnet frå ulike aktørar sine perspektiv.

Emnet er knytt til kortpraksisemnet KOPRA101, og det er forventa at studentane tek dette emnet parallelt med PEDA120.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse: 

Kunnnskapar:

Studenten

  • kjenner til sentrale omgrep innanfor pedagogikkfaget
  • har innsikt i skulen sitt samfunnsmandat
  • har forståing for ulike aspekt ved lærarrolla og kva slags rammer lærarar arbeider innanfor
  • har innsikt i ungdomskultur, ungdom si utvikling og deira møte med skulen
  • har kunnskap om observasjon som metode

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan drøfte nokre sentrale pedagogiske perspektiv
  • kan orientere seg i, analysere og stille seg kritisk til informasjonskjelder og teoriar i pedagogikk
  • kan reflektere over lærarrolla på bakgrunn av praksis, faglitteratur og styringsdokument
  • kan bruka observasjon som metode

Generell kompetanse

Studenten

  • kan formidle og reflektere over problemstillingar knytta til pedagogikkfaget, og til utdanninga si rolle i samfunnet
  • har innsikt i relevante etiske problemstillingar knytt til læraryrket

Krav til studierett

Emnet er reservert for studentar på integrert lektorutdanning

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vert organisert igjenmmon førelesingar og seminar i mindre grupper. Seminarundervisninga legg vekt på studentaktive arbeidsmåtar, og det vert forventa at studentane møter førebudd til seminara. Kvar student har tilbod om 2 timer individuell rettleiing.

Førelesingar: 5 x 2 timar

Seminar: 4 x 2 timar

Seminar: 4 x 4 timar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Frammøte og førebudd deltaking på seminar
  • Innlevering av to eigenproduserte tekstar på 750-1000 ord innan gitte fristar
  • Ein munnleg presentasjon

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

5 timars skoleeksamen

Karakterskala

Skriftleg eksamen vert vurdert med graderte karakterar frå A til F

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemesteret

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. Dette inneber standardiserte spørjeskjema til studentar og emneansvarleg si rapportering i Studiekvalitetsbasen.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktas her:

Studierettleiar: 55582710, eller på epost: post@psyfa.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen

    Dato
    15.02.2019, 09:00
    Varigheit
    5 timer
    Trekkfrist
    01.02.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted