Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Ulike vegar til læring

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Emnet skal gje studentane ei forståing for samanhengen mellom læringssyn, tilpassa opplæring og vurdering for læring og kva dette inneber for undervisning. Studentane skal og øvast opp til å bruke intervju som metode for å få forståing for elevar og lærarar sine læringssyn og undervisningserfaringar.

Emnet er knytt til kortpraksisemnet KOPRA102, og det er forventa at studentane tek dette emnet parallelt med PEDA121.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse.

 

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggande kunnskap om sentrale læringsteoriar.
  • har grunnleggande kunnskap om vurdering for læring.
  • har kunnskap om samanhengar mellom læringssyn, tilpassa opplæring og vurdering for læring.
  • har kunnskap om intervju som metode.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan drøfte praktiske undervisningssituasjonar i lys av læringsteori, vurdering for læring og sentrale prinsipp ved tilrettelegging for læring på ein sjølvstendig og reflektert måte.
  • kan bruke forskingskunnskap og teori til å diskutere aktuelle utdanningspolitiske spørsmål knytt til tilpassa opplæring.

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan formulere og grunngje eit informert og kritisk syn på ulike typar undervisningspraksis.
  • kan formulere og grunngje eit informert og kritisk syn på aktuelle tema i den norske utdanningsdebatten.

Krav til forkunnskapar

PEDA120 og KOPRA101

Krav til studierett

Emnet er reservert for studentar på integrert lektorutdanning

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vert organisert i førelesingar og seminar i mindre grupper. Det vert forventa at studentane førebur seg ved å lese avtalte tekstar i forkant av seminara. Studentane skal i løpet av semesteret skrive ei semesteroppgåve. Kvar student har tilbod om 1 time individuell rettleiing på eit utkast av denne. I tillegg skal studentane gje tilbakemelding på semesteroppgåveutkasta til kvarandre.

Førelesninger: 5 à 2 timar

Seminar: 5 à 2 timar

Seminar f/e praksis: 2 à 3 timar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Møte førebudd og delta på alle seminara.
  • Publisere eitt utkast til semesteroppgåva.
  • Kommentere skriftleg på utkast av semesteroppgåva til to medstudentar.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Semesteroppgåve på 3000 ord

Karakterskala

Semesteroppgåva vert vurdert med graderte karakterar frå A-F

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemesteret

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med UIB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her: studierettleiar.psyfa@uib.no Tlf. 55 58 27 10

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Semesteroppgåve

    Innleveringsfrist
    14.12.2018, 13:00
    Trekkfrist
    30.11.2018
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen