Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Aksjonsforsking og læraren si profesjonelle utvikling

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodePEDA123
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Emnet skal gje studenten forståing for læraren sin heilskaplege rolle med særleg vekt på kommunikasjon og samhandling. Studenten skal bli kjent med læraren sin profesjonelle utviklingsprosess og få røynsle med å bruke praksisorientert forsking som verkty i systematisk arbeid med eigen yrkesutvikling.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten...

  • har kunnskap om læraren sitt heilskaplege ansvar i skulesamfunnet
  • har kunnskap om samhandling, kommunikasjon og gruppeprosesser
  • har kunnskap om forskingsbaserte modellar for profesjonell utvikling
  • har kunnskap om ulike virkemiddel i undervisninga

Ferdigheiter

Studenten...

  • kan planlegge undervising som tar i bruk praktiske, estetiske og digitale virkemiddel
  • kan legge til rette for gode gruppeprosessar
  • kan dokumentere og gje uttrykk for eigen profesjonelle utvikling og kunne leggje fram og grunngje utviklingsmål med støtte i teori.
  • kan identifisere pedagogiske utfordringar i undervisnings-situasjonar og lage aksjonsplanar for å møte desse med støtte i teori
  • kan gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt knytt til eigen praksis
  • kan bidra inn i faglege diskusjonar om utøving av lærarprofesjonen

Generell kompetanse

Studenten...

  • kan forstå ulike kommunikasjons- og samhandlingsformar
  • kan orientere seg i faglitteratur, analysere og halde seg kritisk til informasjonskjelder og eksisterande teoriar
  • kan med stor grad av sjølvstende vidareutvikle eigen kompetanse åleine og i samarbeid med andre

Krav til forkunnskapar

Må ha greidd eksamen på PEDA120, PEDA121 og PEDA122, samt innfridd krav for deltaking i praksisemna KOPRA101, KOPRA102 og KOPRA103.

Krav til studierett

Teken opp på 5-årig lektorutdanning

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vert organisert som førelesingar og seminar i mindre grupper. I seminara vert det lagt vekt på studentaktive arbeidsmåtar, og det vert rekna med at studentane møter førebudd. Kvar student har tilbod om 2 timar individuell rettleiing.

Omfang:

Førelesningar: 6 á 2 timar

Seminar: 7 á 2 timar

Seminar: 1 á 4 timar

Totalt: 30 timar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Følgjande aktivitetar er obligatoriske:

  • Frammøte og førebudd deltaking på seminar
  • Levere ei prosjektbeskriving av eiga aksjonsforsking på 500-1000 ord
  • Munnleg presentasjon av eigen forsking basert på ein poster og eit samandrag på 1000 ord.
  • Gjennomføre aksjonsforskingsprosjekt

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Skriftleg eksamen (5000 ord +/- 10 %) med utgangspunkt i eiga forsking

Karakterskala

Skriftleg eksamen vert vurdert med graderte karakterar frå A-F.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med UIB sitt kvalitetssikrings-system. Dette inneber evaluering basert på tilbakemeldingar frå studentar, samt spørjeskjema til studentar og emneansvarleg si rapportering i Studiekvalitetsbasen.

Programansvarleg

Det matematisk-naturvitskapelege fakultet

Det humanistiske fakultet

Institutt

Institutt for pedagogikk, Det psykologiske fakultet

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:Studierettleiar@psyfa.uib.no

Studierettleiar@psyfa.uib.no

Tlf. 55 58 27 10