Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Pedagogisk teori 1

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodePEDTEORI 1
  • Talet på semester1
  • Språk

    Norsk

  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

Emnet har eit omfang på 15 studiepoeng og er normert til eitt semesters fulltidsstudium

Studienivå (studiesyklus)

Årsstudium

Fulltid/deltid

Fulltid

Mål og innhald

Arbeidet i pedagogikkemnet skal gje innsikt i skulens samfunnsmandat, blant anna høvet mellom utdanninga sin dannings- og nyttefunksjon. Emnet skal gje innsikt i klasse- og læringsleiing, og korleis kunnskap om undervisning, læring, motivasjon og vurderingspraksisar vert utvikla og nytta innanfor både tradisjonelle og kunst- og designfaglege læringskontekstar. Emnet gjev òg ei innføring i tilpassa opplæring og korleis undervising kan leggjast til rette for alle elevar i ljos av deira ulike sosiale, kulturelle og individuelle læreføresetnader.

 Følgjande tema vert vektlagt:

  • Skulens samfunnsmandat
  • Elevane og deira læringsprosessar og motivasjon
  • Klasseleiing og læringsfellesskap
  • Vurdering
  • Tilpassa opplæring

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap 

Studenten

  • har kunnskap om skulens mandat og funksjon i samfunnet og er oppdatert på gjeldande lov- og planverk.
  • har kunnskap om sentrale lærings-, utviklings- og motivasjonsteoretiske perspektiv og har utvikla eit kritisk høve til desse.
  • har kunnskap om samanhengar mellom klasseleiing, undervisning og vurdering i eit inkluderande læringsfellesskap.
  • har kunnskap om tilretteleggjing av læringsaktivitetar for elevar med ulike læringsføresetnader.

 

Dugleikar

Studenten

  • kan identifisere og analysere problemstillingar knytta til skulens danningsoppdrag.
  • kan foreslå og grunngje planar for eit godt klasse- og læringsmiljø i lys av teori.
  • kan identifisere og analysere problemstillingar i høve til tilpassa opplæring.
  • kan nytte forsknings- og erfaringsbasert kunnskap til å identifisere ulike aspekt ved vurdering.
  • kan identifisere og analysere problemstillingar knytta til kommunikasjon og rettleiing av elever.

 

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan kritisk reflektere over faglege, danningsteoretiske og utdanningspolitiske spørsmål.
  • kan formidle og kommunisere pedagogiske problemstillingar knytta til utøving av læreryrket på eit fagleg avansert nivå.

Krav til studierett

Emnet inngår i studieprogrammet Praktisk-pedagogisk utdanning for kunstnarar og designarar og kan takast av studentar som er tekne opp ved programmet.

Arbeids- og undervisningsformer

Vi vekslar mellom forelesingar, seminarundervising, gruppearbeid og diskusjonar og presentasjonar, både individuelt og i gruppe.

 Rettleiing

Studenten får rettleiing retta mot oppgåveskriving undervegs i studiet. Sjå praksisplanen for rettleiing i praksis.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Undervisning

Deltaking i organisert studieaktivitet på fellessamlingar og i grupper er obligatorisk, med krav om minimum 80% frammøte.

Arbeidskrav

Emnet har obligatoriske arbeidskrav som må godkjennast for å kunne gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Skriftleg heimeeksamen

Karakterskala

Bestått / Ikkje bestått

Vurderingssemester

Haust

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/ Institutt for design har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt