Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Pedagogisk teori 2

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodePEDTEORI 2
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

Emnet har eit omfang på 15 studiepoeng og er normert til eitt semesters fulltidsstudium

Studienivå (studiesyklus)

Årsstudium

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Emnet skal gje forståing for læraryrket som profesjon. Dette inkluderer ansvaret læraren har for elevane si utvikling og læring, og læraren sitt bidrag til skulen si verksemd og utvikling. Emnet skal òg gje innsikt i utfordringar knytt til ungdom og skule i eit demokratisk og fleirkulturelt samfunn, og korleis desse verkar inn på lærarrolla. Kunnskap om skulen sine normative oppgåver knytt til etikk, estetikk, kommunikasjon og rettleiing er òg sentrale tema.

 Følgjande tema vert vektlagt:

  • Læraryrket som profesjon
  • Ungdom, skule og samfunn
  • Skulen i eit kultur- og demokratiperspektiv
  • Samhandling, kommunikasjon og rettleiing
  • Etikk
  • Estetikk

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om læraryrket som profesjon
  • har kunnskap om ungdom i vanskelege situasjonar og deira rettar i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv
  • har nyansert kunnskap om skulen sine utfordringar i eit demokratisk og fleirkulturelt samfunn
  • har kunnskap om dei etiske utfordringane læreren kan stå overfor i skulen
  • har kunnskap om dei estetiske dimensjonane ved skulesamfunnet
  • har kunnskap om didaktisk bruk av digitale læremidler og -verkty, og utfordringar og moglegheiter kring dette.

Kunnskap

Studenten

  • kan identifisere og orientere seg i kunnskapsgrunnlaget for lærarprofesjonen
  • kan analysere problemstillingar knytt til samspelet mellom ungdom og skule i eit demokratisk og fleirkulturelt samfunn.
  • kan identifisere og analysere problemstillingar knytt til kommunikasjon og rettleiing av elevar.
  • kan problematisere og ta stilling til etiske utfordringar læraren kan stå overfor i skulen
  • kan identifisere ulike estetiske aspekt ved undervisinga
  • kan vurdere bruk av digitale verktøy i undervisningen, og utfordringar og moglegheiter knytt til dette
  • kan reflektere over digital kompetanse og IKT i lys av læreplanen sine overordna føringar på dette området

Generell kompetanse

Studenten

  • kan med stor grad av sjølvstendigheit identifisere, problematisere, vidareutvikle og kommunisere kunnskap innafor lærarprofesjonen
  • er tydeleg på kva som er ansvaret og oppgåvene til skulen, og er i stand til å balansere dette opp mot problemstillingar knytt til samspelet mellom ungdom, skule og samfunn
  • har ei profesjonell haldning og kan kritisk reflektere over spørsmål som gjeld elevane si læring og utvikling

Krav til studierett

Emnet inngår i studieprogrammet Praktisk-pedagogisk utdanning for kunstnarar og designarar og kan takast av studentar som er tekne opp ved programmet.

Arbeids- og undervisningsformer

Vi vekslar mellom forelesingar, seminarundervising, gruppearbeid og presentasjonar, både individuelt og i gruppe.

 Rettleiing

Studenten får rettleiing retta mot oppgåveskriving undervegs i studiet. Sjå praksisplanen for rettleiing i praksis.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Undervisning

Deltaking i organisert studieaktivitet på fellessamlingar og i grupper er obligatorisk, med krav om minimum 80% frammøte.

 Arbeidskrav

Emnet har obligatoriske arbeidskrav som må godkjennast for å kunne gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Eksamen er todelt og består av skriftleg heimeeksamen og munnleg.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Vår

Emneansvarleg

Hild C. Vang

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/ Institutt for design har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Eksamensinformasjon