Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Grunnkurs i mekanikk og varmelære

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet er fyrst og fremst meint som eit brukarkurs for andre fagområde enn fysikk, geofysikk og matematikk. Emnet gir ei oversikt og forståing av fysikkomgrepa utan for mykje bruk av matematisk formalisme.

Innhald:

Emnet gir ei rask innføring i mekanikk og varmelære: Rørsle, kraft, energi og effekt, rotasjon, temperatur og varme, hovudsetninga i varmelæra, svingingar, bølgjer og lyd.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten har fått kunnskapar om

mekanikk (kinematikk og dynamikk) og rotasjon og lineær/sirkulær rørsle av enkle gjenstandar og væsker

termodynamikk og varmetransport, arbeid, endring i temperatur og indre energi

harmonisk bevegelse, elastisitet, bølgjer, lyd og interferens

Ferdigheiter

Studenten kan løyse oppgåver med

kinematiske likningar i to dimensjonar, Newtons lover, sirkulær bevegelse, arbeid- og energibetraktningar, impuls og rørslemengde, rotasjon og enkel væskedynamikk

termisk ekspansjon, varmeleiing, Stefan-Boltzmann strålingslov, lover om ideelle gassar, kinetisk gassteori, termodynamikkens lover og Carnot sitt prinsipp

ideelle fjærer, enkel harmonisk bevegelse, lydhastigheit i gassar/væsker/faste stoff, Dopplereffekten, interferens og ståande bølgjer

Generell kompetanse

Studenten har fått

auka refleksjonsevne og innsikt i korleis fysikk koplar årsak og verknad for enkle prosessar i naturen

kunnskapar av nytteverdi for andre fagområde innan naturvitskap

trening i å arbeide systematisk og analysere komplekse problem

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Fysikk1 (2FY) og MAT101. MAT101 kan lesast parallelt.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

skriftleg midtvegseksamen (2 timar), som utgjer inntil 20% av karakteren

skriftleg slutteksamen (4 timar), som utgjer minst 80% av karakteren

Eksamen blir berre tilboden på norsk språk i dette emnet. Endeleg eksamen tel 100% i semester utan midtvegseksamen. Vidare ser ein vekk frå midtvegseksamen dersom studenten får best resultat på endeleg eksamen (dvs. midtvegseksamen kan berre telje positivt).

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

PHYS111: 3stp, PHYS113: 2stp

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her: studieveileder@ift.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    14.02.2018, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    31.01.2018
    Sted