Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Grunnkurs i elektrisitetslære, optikk og moderne fysikk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet er fyrst og fremst meint som eit brukarkurs for andre fagområde enn fysikk, geofysikk og matematikk. Emnet gir ei oversikt og forståing av fysikkomgrepa utan for mykje bruk av matematisk formalisme.

Innhald:

Emnet gir ei rask innføring i elektrisitetslære, magnetisme, optikk og moderne fysikk: Elektrisk ladning og elektrisk felt, straum, spenning og motstand, magnetfelt, elektromagnetiske bølgjer, lyset sin natur og optiske instrument, atom, kjernar og elementærpartiklar, radioaktivitet og stråling.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten har fått kunnskapar om

  • Elektromagnetisme (elektrisk og magnetisk kraft og felt, kretsar, induksjon), halvleiar og elektromagnetiske bølgjer
  • Lys (refleksjon, refraksjon, interferens), lyset sin bølgjenatur som partikkel eller bølgje.
  • Atomet, atomkjernen, kjernekraft, ioniserande stråling og radioaktivitet.

Ferdigheiter

Studenten kan løyse oppgåver med moderat matematisk formalisme relatert til

  • Elektrisk og magnetisk kraft og felt, elektrisk ladning, elektrisk potensial, straum, spenning og motstand, kondensatorar, elektromagnetiske bølgjer, refleksjon, refraksjon, interferens og diffraksjon.
  • Relativistisk tidsforskyving, lengdekontraksjon, relativistisk rørslemengde og addisjon av hastigheiter.
  • Fotoelektrisk effekt, Compton-effekt, de Broglie-bølgjelengde, hydrogenatommodellar og elektronkonfigurasjon, atomkjernen, bindingsenergi og henfall, ioniserande stråling, fisjon og fusjon
  • Anvending av Gauss lov, Kirchhoffs lover, Faradays lov, Lenz lov, Malus lov, Snells lov og Hubbles lov.

Generell kompetanse

Studenten har

  • Auka refleksjonsevne og innsikt i korleis fysikk koplar årsak og verknad for enkle prosessar i naturen
  • Kunnskapar av nytteverdi for andre fagområde innan naturvitskap
  • Trening i å arbeide systematisk og analysere komplekse problem

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

PHYS101.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gitt i form av

  • Førelesninger (3 timer per veke I 15 veker)
  • Oppgåvegjennomgang i plenum (2 timer per veke i 15 veker)
  • Regneverksted (2 timer per veke i 15 veker)

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Skriftleg midtvegseksamen (2 timer), som utgjer inntil 20% av karakteren.
  • Skriftleg slutteksamen (4 timar), som utgjer 80-100% av karakteren.

Grunna tiltaka mot spreiing av SARS-CoV-2 er UiB stengd for undervising og gjennomføring av campus-eksamen. Våren 2020 er det følgande endringar i vurdering i emnet:

  • Skriftleg eksamen heime i staden for skriftleg skuleeksamen
  • Skriftleg midtsemester er erstatta med oppgåve

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

PHYS112: 3stp

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her: studieveileder@ift.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Skoleeksamen høsten 2020 vil foregå enten hjemme eller på campus. Se emnet på MittUiB for mer informasjon.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen og midtveiseksamen

    Dato
    08.09.2020, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    01.09.2020
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen