Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Mekanikk 1

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet skal gje studentane ei grundig forståing av mekanikken sine grunnleggjande lover, omgrep og tenkjemåte, og gjere studentane i stand til å nytte desse på fysiske problemstillingar.

Innhald:

Emnet gir ei innføring i kinematikk og dynamikk i fleire dimensjonar, energi og felt med spesiell vekt på vekselverknad mellom objekt, stive lekamar, rotasjon, statikk, elastisitetslære og fluidmekanikk. I laboratorieøvingar vert enkle eksperiment gjennomførte for å belyse sentrale delar av pensum.

 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan

  • definere og forklare grunnleggjande omgrep i mekanikken, slik som hastigheit, akselerasjon, kraft, rørslemengde, friksjon, energi, arbeid, spinn og massesenter
  • formulere grunnleggjande lover i mekanikken

Ferdigheiter

Studenten kan analysere og løyse oppgåver med

  • kinematiske likningar i to og tre dimensjonar, Newtons lover, energibetraktningar, statikk og likevekt, rotasjon av stive lekamar
  • væskedynamikk inklusiv trykk, oppdrift og Bernoullis likning
  • strekk, kompresjon og deformasjon av stive lekamar

Generell kompetanse

Studenten skal

  • forstår korleis fysiske modellar kan brukast som eit verktøy for å beskrive og forklare prosessar og fenomen i naturen og teknologien
  • kunne gjennomføre enkelt eksperimentelt arbeid med bruk av standard måleinstrument, vurdere måleusikkerheit og skrive ein laboratorierapport utifrå oppsette krav

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Fysikk 2 (3FY) og MAT111

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Laboratorieøving, 10 timer. Gyldighet av obligatoriske laboratorieøvinger for emnet er 5 semester, inkludert semesteret øvelsene utføres.

Alle 4 øvingane må være godkjent fra samme semester.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen, 4 timer. Laboratorieøvinger må være bestått for å få gå opp til eksamen.

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar, matematisk formelsamling og 5 A4-sider med studentane sine eigne notat. Notatane kan vere hand- eller maskinskrivne, men må kunne lesast utan hjelpemiddel som forstørringsglas. Studentane har sjølv ansvar for å sjekke at deira kalkulator er godkjend i fakultetets eksamensreglement.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

PHYS101: 3stp

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@ift.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    12.06.2019, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    29.05.2019