Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Grunnleggjande målevitskap og eksperimentalfysikk

Hovedinnhold

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål

Emnet har som mål å gi en innføring i moderne måleteknikk og datainnsamling, generell bruk av måleinstrument, berekning av måleusikkerhet samt behandling og vurdering av måledata. Emnet skal formidle forståing for måleproblemstillingar frå ulike deler av fysikken.

Innhald

Emnet tar opp tema som berekning av måleusikkerhet, måling av elektriske størrelsar, PC-basert datainnsamling, berekning av gravitasjonskonstanten, mekaniske og elektriske svingingar, varmekapasitet for gassar og radioaktivitet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om standard måleinstrument.
  • har kunnskap om berekning av måleusikkerhet.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan kople opp enkle eksperimentelle oppsett, inklusive elektriske kretsar, samt bruke standard måleinstrument.
  • kan nytte programmeringsverktøy for PC-basert datainnsamling og presentasjon av måledata.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan skrive ein laboratorierapport etter på førehand oppsette krav.
  • kan planlegge og gjennomføre eksperimentelt arbeid basert på gruppesamarbeid.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

1.) MAT111

2.) PHYS102 og/eller PHYS111

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte på alle laboratorieøvingane. Godkjende laboratorierapportar for kvar laboratorieoppgåve er føresetnad for å ta munnleg eksamen i emnet. Godkjende laboratorierapportar er gyldig i 6 påfølgande semester etter godkjenninga.

Ikke-godkjent obligatorisk aktivitet gir rett til nytt forsøk, men først når kapasitetshensynmuliggjør det. Ved begrenset kapasitet skal studenter som har hatt gyldig fravær fra aktiviteten prioriteres foran studenter som ikke har hatt gyldig fravær. 

Vurderingsformer

Munnleg eksamen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Eksamensinformasjon