Hjem
Studentsider
Masteremne

Relativistisk kvantemekanikk og feltteori

Hovedinnhold

Undervisningssemester

Haust, emnet går berre dersom nok studentar melder seg.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet skal gje forståing av effektane til den spesielle relativitetsteorien i kvantemekanikk og gje ei innføring i feltteori.

Innhald:

Emnet omhandlar relativistisk kvantemekanikk, uttrykt ved Dirac-likninga, samt Lorentz-kovarians av likninga og eksistensen av antipartiklar. Emnet omhandlar og kvantisering av Klein-Gordon felt, Dirac-felt, og foton-felt. Emnet dannar grunnlag for vidaregåande studium i feltteori og gir forståing av relativistiske effektar i atom.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan forklare

  • Dirac-likninga, med løysing for frie partiklar
  • eksistensen av antipartiklar
  • planbylgje-utvikling av skalart-, Dirac- og fotonfelt
  • kanonisk impuls og kvantisering av felt
  • mikrokausalitet og Feynmanpropagatoren
  • S-matrisa

Ferdigheiter

Studenten beherskar bruken av

  • symmetriar for å finne bevaringslover
  • utslettelses- og kreasjonsoperatorer for å uttrykke observabler i feltteori

Generell kompetanse

Studenten kan

  • presentere berekningar til kollegaer

Krav til forkunnskapar

PHYS201 eller KJEM221

Tilrådde forkunnskapar

MAT251

Studiepoengsreduksjon

Overlappar med PHYS303 med 10 SP.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.

Vurderingsformer

Muntleg eksamen (teller 75%)

To oppgaver (teller 25%)

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Eksamensinformasjon