Hjem
Studentsider
Masteremne

Medisinsk fysikk i stråleterapi

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor og master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gje studentar ei innføring i teori og metodar brukt i strålebehandling av kreft, inkludert også partikkelterapi.

Innhald:

Emnet skal formidle forståing for medisinsk-fysiske prinsipp som er knytta til bruk av ioniserande stråling innanfor strålebehandling av kreft ved bruk av fotonstråling og partiklar. Kurset vil gje ein introduksjon til (ekstern) stråleterapi i kreftbehandling, grunnleggande vekselverknadar for stråleterapi og dosimetri, innføring i produksjon og karakterisering av terapeutiske strålar/strålefelt, doseoptimisering. Kurset vil også fokusere på strålebiologiske vekselverknadar og korleis desse påverkar behandlinga.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten skal kunne:

  • Vise kjennskap til det biologiske og medisinske rasjonale for stråleterapi
  • Beskrive produksjon og karakterisering av terapeutiske strålar/strålefelt
  • Beskrive i detalj dei ulike stega i stråleterapiprosessen frå planlegging til ferdig behandling
  • Greie ut om fordelar og ulemper med ulike behandlingsteknikkar og strålingstypar

Ferdigheiter

  • Gjennom praktiske øvingar har studenten fått praktiske kunnskapar om doseplanlegging og god vurderingsevne med tanke på kva omsyn som må takast ved utarbeiding av pasientplanar for stråleterapi.
  • Studenten er i stand til å utføre skriftlege øvingar/utrekningar innan stråleterapi

Generell kompetanse

  • Studenten kan formidle sine faglege kunnskapar gjennom munnleg presentasjon.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Det vil vere ein fordel å ha PHYS 212 Fysikk i medisinsk diagnostikk og PHYS231.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev. opptakskrav. Kurset er spesielt eigna for studentar med solid bakgrunn i fysikk.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av forelesningar. I tillegg vil det vere obligatoriske rekneøvingar og omvisning på seksjon for medisinsk fysikk ved Haukeland sjukehus. Forelesningane vil dekke alle tema for kurset, og i tillegg vil det bli gitt anbefalt fordjupningsstoff i litteraturlista Aktivitet/ Tal på timar pr. veke: 4 timar forelesning (delvis erstatta av øvingar/omvisning enkelte veker) Aktivitet/ Tal på veker: 14

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga gis i form av forelesningar. I tillegg vil det vere obligatoriske rekneøvingar og omvisning på seksjon for medisinsk fysikk ved Haukeland sjukehus. Forelesningane vil dekke alle tema for kurset, og i tillegg vil det bli gitt anbefalt fordjupningsstoff i litteraturlista

Aktivitet/ Tal på timar pr. veke: 4 timar forelesning (delvis erstatta av øvingar/omvisning enkelte veker)

Aktivitet/ Tal på veker: 14

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Rekneøvingar utgjer 20 % av karakteren og alle rekneøvingar må innleverast for å ta eksamen.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Rekneøvingar utgjer 20 % av karakteren. Alle rekneøvingar må innleverast for å ta eksamen.
  • Muntleg eksamen utgjer 80% av karakteren.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 

Administrativt ansvarleg

Institutt for fysikk og teknologi har det administratie ansvaret for emnet-

Eksamensinformasjon