Hjem
Utdanning
Masteremne

Digital integrert kretsteknologi

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje studentane kunnskapar om dei fysiske eigenskapane ved MOS transistoren, statisk og dynamisk analyse av logiske funksjonar, prosessering og utlegg av enkle krinsar som inngår i VLSI-system. Emnet dannar grunnlaget for vidaregåande studium i mikroelektronikk og er av interesse for studentar i tilgrensande fag.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kan forklare og bruke transistormodellar som eignar seg for digitale nanometer integrerte krinsar.
  • kjenner til kortkanaleffektar og andre viktige eigenskaper ved transistorar på nanometerskala.
  • kan greie ut om integrert krins-prosessteknologi til dømes om produksjon og utlegg av slike krinsar.
  • veit korleis ein kan ta omsyn til variasjonar i prosesskvalitet, temperatur og spenning

Ferdigheiter

Studenten kan

  • konstruere, berekne og simulere kombinatoriske og sekvensielle krinsar.
  • bruke ein systematisk metode for å optimalisere hastigheita til digitale integrerte krinsar.

Generell kompetanse

  • Gjennom prosjektarbeidet får studenten øving i bruk av moderne dataverktøy for design av mikroelektronikk
  • Studenten får erfaring med å leggje fram resultata sine for medstudentar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

ELE100 og ELE101 (HiB) eller tilsvarende.  

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Laboratorieøvelser og prosjektoppgave. Gyldighet av obligatoriske laboratorieøvinger for emnet er 4 semester.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
  • Muntleg eksamen (ca 40 minutter) utgjer 100 % av karakteren.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

Ingen

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@ift.uib.no

Eksamensinformasjon