Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Laboratoriekurs i instrumentering og prosessregulering

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodePHYS227
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk / engelsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir informasjon: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål

Emnet har som mål å gje trening i PC-basert datainnsamling, analyse og styring med bruk av standard måleinstrument og prosessinstrumentering.

Innhald

Emnet tar opp tema som PC-basert kommunikasjon med måleinstrument via standard kommunikasjonsprotokollar, samt inn- og ut-lesing av elektriske spenningar via standard multifunksjons-datainnsamlingskort. I tillegg tar emnet opp tema som signalrespons på 1. og 2. ordens system, kalibrering av standard sensorar for temperaturmåling, samt regulering av dynamiske system. Vidare inneheld kurset utlesing av data og styring av ein to-fase (luft/vann) strøymingsrigg.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten har

  • avanserte kunnskapar om bruk av måleinstrument og standard kommunikasjonsprotokollar mellom PC og måleinstrument, og mellom PC og eksperiment.
  • inngåande kunnskap om linearisering av prosessar og dekopling av kopla prosessar.
  • inngåande kunnskap om verkemåten til ein to-fase strøymingsrigg.

Ferdigheiter

Studenten kan

  • kople opp eksperimentelle oppsett, samt bruke standard måleinstrument.
  • nytte programmeringsverktøy for PC-basert datainnsamling og presentasjon av måledata.
  • bestemme den fysiske modellen til eit multivariabelt reguleringssystem og regulere dette basert på eigenprogrammering av ein PID-regulator

Generell kompetanse

Studenten kan

  • anvende kunnskapar og ferdigheter innan PC-basert datainnsamling, analyse og styring for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt på nye måletekniske områder.
  • planlegge og gjennomføre eit eksperimentelt arbeid basert på gruppesamarbeid, samt kan skrive ein laboratorierapport ut frå oppsette krav.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

PHYS114, PHYS116 og PHYS225. Det frarådast å ta PHYS227 utan å ha tatt PHYS225.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjende laboratorierapportar for kvar laboratorieoppgåve er føresetnad for å ta munnleg eksamen i emnet. Godkjende laboratorierapportar er gyldig i 4 påfølgande semester etter godkjenninga.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Godkjende laboratorierapportar.
  • Munnleg eksamen (praktisk/ teoretisk) på laboratoriet (45 minutt) som utgjer 100% av karakteren.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

Ingen

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@ift.uib.no

Eksamensinformasjon