Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Strålingsfysikk

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodePHYS231
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:Emnet gir ei innføring i kjernefysikk, ioniserande stråling og deira bruksområde

Innhald: Emnet gir ei innføring i strålingsfysikk, nærare bestemt grunnlaget for radioaktivitet og stråling, svekking- og absorpsjonsprosessar, målemetodar og instrumentering, dosimetri, verknadar på biologiske vesen, medisinske og tekniske bruksområde, risiko ved bruk av stråling og omtale av strålemiljøet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten skal ha kjennskap til

  • grunnleggjande omgrep i kjernefysikk
  • eigenskapane til ioniserande stråling
  • bruken av ioniserande stråling
  • metodar for strålingsdeteksjon

Ferdigheiter

Studenten kan

  • gjere enkle berekningar på utvalde problemstillingar i strålingsfysikk

Generell kompetanse

Studenten har vidareutvikla sin evne til

  • kritisk tenking
  • å kunne avsløre "alternative fakta" i offentleg diskusjon

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

PHYS102/PHYS112

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Muntleg eksamen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

Ingen

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@ift.uib.no

Eksamensinformasjon