Hjem
Utdanning
Masteremne

Kjerne- og partikkelfysikk

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodePHYS241
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål: Emnet gir ei generell innføring i konsept og metodar i subatomær fysikk

Innhald: Emnet omfattar kjerne- og partikkelstruktur, spreiingsteori, symmetriar og konserveringslover, sterke og elektrosvake vekselverknadar, standardmodellen i partikkelfysikk, kjernemodellar og kjernefysisk astrofysikk og kosmologi. Kurset dannar grunnlaget for vidare fordjuping i kjerne- og partikkelfysikk.


Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten har brei kjennskap om

  • omgrep og metodar i kjerne- og partikkelfysikk
  • viktige eksperiment i kjerne- og partikkelfysikk

Ferdigheiter

Studenten kan

  • gjere enkle berekningar på utvalde problemstillingar i kjerne- og partikkelfysikk

Generell kompetanse

Studenten har forsterka sin evne til

  • kritisk tenking
  • å kunne avsløre "alternative fakta" i offentleg diskusjon

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

PHYS118 og PHYS119

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Muntlig eksamen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@ift.uib.no

Eksamensinformasjon