Det nære verdensrommet
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodePHYS251
- Talet på semester1
- SpråkEngelsk, Norsk dersom kun norskpråklige studenter.
- Ressursar
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gje brei kjennskap til dei viktigaste prosessane som gjev geomagnetiske forstyrringar i det nære verdsrom på grunn av solaktivitet.
Innhald:
Emnet gir ei brei innføring i fysiske prosessar og forhold i det jordnære rommet som har innverknad på romværet: Strukturen til sola, solaktivitet og stråling frå sola, solvinden, atmosfæren til jorda, ionosfæren og kva den betyr for radiokommunikasjon, jorda sitt magnetfelt, bevegelsen av lada partiklar i jorda si magnetosfære, partikkelnedbør, nordlys og kosmisk stråling. Det vil bli lagt vekt på å vise korleis jorda sitt magnetfelt påverkar vårt nære verdsrom, og omvendt. Det blir gitt mange døme på bruk av plasmafysikk i rommet, til dømes korleis ein kan gje enkle varsel om geomagnetisk aktivitet basert på målingar i solvinden. Emnet dannar grunnlag for vidaregåande studium i romfysikk. Emnet kan vere av interesse for studentar i tilgrensande fag, som optikk, atmosfærefysikk og meteorologi.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten har kjennskap til:
- fysiske prosessar i gassar og plasma frå det indre av sola til Jorda si atmosfære.
- sola og jorda sitt magnetfelt
- oppbygning og samansetjing til sola og jorda si atmosfære
- korleis sola driv storskala plasmaprosessar i det nære verdsrom
Ferdigheiter
Studenten kan:
- bruke fysikk og matematikk til å kvantitativt og kvalitativt beskrive prosessar i det nære verdsrommet.
- forklare det fysiske opphavet til fenomen knytta til nordlys og geomagnetisme observert frå jorda.
- varsle geomagnetisk aktivitet basert på observasjonar frå solvinden
Generell kompetanse
Studenten kan:
- formidle til folk flest korleis jorda er kopla til det nære verdsrommet og sola
- bruke fysikk til å forklare prosesser i nøytrale og ioniserte gassar i atmosfæren.
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Munnleg eksamen.
Karakterskala
Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.
Fagleg overlapp
Ingen
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Kontakt
Kontaktinformasjon
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Munnleg eksamen
- Trekkfrist
- 01.05.2021