Hjem
Utdanning
Masteremne

Atomfysikk

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodePHYS261
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar
  • Ressursar

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:Emnet gir brei kjennskap om oppbygginga av atom og molekyl og korleis dei vekselverkar med elektromagnetiske felt.

Innhald: Kurset skildrar atomet sine grunnleggjande kjenneteikn og oppbygging frå ikkje-relativistisk til relativistisk teori og frå eit- og to-elektron system til oppbygginga av det periodiske system. Kurset omhandlar også struktur og kjenneteikn til enkle molekyl som H2, H2O og CO2. I emnet vil uelastisk spreiing, både som tidsavhengig og som tidsuavhengig problem, bli handsama. Emnet diskuterer ei rekkje viktige prosessar som fotoelektrisk effekt, Auger effekt og tunnelering. Ein vektlegg forståinga av vekselverknaden mellom lys og atom basert på klassisk og kvantemekanisk skildring av elektromagnetiske felt.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten har kjennskap til:

  • struktur og dynamikk til atom og enkle molekyl
  • korleis atom og molekyl vekselverkar med elektromagnetiske felt
  • grunnleggjande kollisjonsprosessar mellom atom og partiklar
  • oppbygginga av det periodiske systemet, fleir-elektron og relativistiske effektar

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • bruke fysikk og matematikk til å løyse schrödinger- og diraclikninga for hydrogen og hydrogenliknande atom

skildre kvalitativt fleir-elektron og molekyl sin oppbygging og kjenneteikn.

  • bruke kvantemekanikk til å rekne ut storleikar knytt til atom og molekyl si oppbygging, fragmentering og stråling basert på numeriske og analytiske metodar

Generell kompetanse

Studenten kan:

  • forklare folk flest korleis den grunnleggjande materien er bygd opp og responderer på stråling.
  • forklare korleis atomet er ein grunnleggjande byggestein for all materie og teknologi, t.d. nanoteknologi.
  • bruke fysikk til å forklare fenomen i gass, for eksempel drivhuseffekten
  • gje praktiske eksempel knytt til atom og stråling, som farger, fotosyntese og stråling frå mobiltelefonar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

PHYS112, PHYS113, PHYS118, PHYS119, PHYS201, PHYS205, MAT111, MAT112

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Vurderingsformer

Muntlig eksamen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

advice@ift.uib.no

Eksamensinformasjon