Atomfysikk

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:Emnet gir brei kjennskap om oppbygginga av atom og molekyl og korleis dei vekselverkar med elektromagnetiske felt.

Innhald: Kurset skildrar atomet sine grunnleggjande kjenneteikn og oppbygging frå ikkje-relativistisk til relativistisk teori og frå eit- og to-elektron system til oppbygginga av det periodiske system. Kurset omhandlar også struktur og kjenneteikn til enkle molekyl. Sentralt i emnet er teori for vekselverknaden mellom atom (molekyl) og elektromagnetiske felt. Kursorisk diskuteras ei rekke andre fenomen avhhenig av studentane sin bakgrunn og interesse. Eksemplar er kollisjonar, stoppe evne, tunnellering og Auger effekt.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om:

  • struktur og dynamikk til atom og enkle molekyl
  • korleis atom og molekyl vekselverkar med elektromagnetiske felt
  • oppbygginga av det periodiske systemet, fleir-elektron og relativistiske effektar

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • bruke fysikk og matematikk til å løyse schrödinger- og diraclikninga for hydrogen og hydrogenliknande atom
  • skildre kvalitativt fleir-elektron og molekyl sin oppbygging og kjenneteikn, samt skildre sentral kvantemekanisk løysingsmetodikk.
  • bruke kvantemekanikk til å rekne ut storleikar knytt til atom og molekyl si oppbygging, emisjon og absorpsjon av stråling.

Generell kompetanse

Studenten kan:

  • forklare folk flest korleis den grunnleggjande materien er bygd opp og responderer på stråling.
  • forklare korleis atomere prosesser ligg til grunn for og påverkar fenomen rundt oss og anvendes i teknologi,
  • gje praktiske eksempel knytt til atom og stråling, som farger, drivhuseffekt, fotosyntese og stråling frå mobiltelefonar

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor/master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
PHYS112 og PHYS118 eller tilsvarande kunnskap i elektromagnetisme og moderne fysikk
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesninger og oppgaver
Obligatorisk undervisningsaktivitet
50% av oppgåvene i kursets 8 oppgåvemodular må vere godkjend.
Vurderingsformer
Muntlig eksamen
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Litteraturliste
Relevante tekster (bok-kapitler m.m.) blir gjort tilgjengeleg  i Canvas. Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved institutt for fysikk og teknologi har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.