Hjem
Studentsider
Masteremne

Laboratoriekurs i optikk

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodePHYS263
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk hvis engelskspråklige studenter, ellers norsk.
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Høst

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål: Emnet gjer studenten kjent med både historiske viktige optiske eksperiment samt moderne optiske instrument og metodar. Studenten får opplæring i bruk av måleutstyr og kjennskap til kalibrering og feilkjelder. Studenten lærer òg å presentere eksperimentelle resultat i ein vitskapleg rapport, både skriftleg og munnleg.

Innhald: Emnet gir ei eksperimentell innføring i optikk. Det er fokus på laboratorieforsøk, men det kan òg bli aktuelt med feltmålinger ute og/eller i sjøen.  Tema som vert gjennomgått inkluderer bl.a:: Polarisering, diffraksjon, interferens, optisk filtrering, lysspreiing og absorpsjon frå partikler i luft og vatn.

Læringsutbyte

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan

  • forstå samanhengen mellom teori og eksperiment
  • identifisere feilkjelder i eksperimentelle målingar
  • forstå dei ulike rollene til komponentar i eit eksperimentelt forsøk

Ferdigheiter

Studenten kan

  • bruke eksperimentelt utstyr til å utføre forsøka
  • skrive ein vitskapleg rapport som på ein klar måte framstiller det eksperimentelle arbeidet
  • presentere det eksperimentelle arbeidet i ein munnleg presentasjon

Generell kompetanse

Studenten kan

  • forklare teoretiske og praktiske avgrensingar til laboratorieeksperiment
  • vurdere kvaliteten til eigne eksperimentelle resultat på ein kritisk måte

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

none

Studiepoengsreduksjon

FYS264: 6 studiepoeng

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Arbeids- og undervisningsformer

.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Obligatorisk oppmøte på alle laboratorieøvingar
  • Laboratorierapport. Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i (2) påfølgande semester etter godkjenninga.
  • Godkjent obligatorisk aktivitet (presentasjon)er gyldig i (2) påfølgande semester etter godkjenninga.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Rapporter , utgjør 50% av karakteren.
  • Presentasjon (20 min), utgjør 10% av karakteren.
  • Muntlig eksamen (45 min), utgjør 40% av karakteren.

Hjelpemiddel til eksamen

.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for huastsemesteret og 01.12.for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for har ansvar for fegleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 

Administrativt ansvarleg

Institutt for fysikk og teknologi har det administrative ansvaret for emnet.

Eksamensinformasjon