Laboratoriekurs i optikk

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet gjer studenten kjent med både historiske viktige optiske eksperiment samt moderne optiske instrument og metodar. Studenten får opplæring i bruk av måleutstyr og kjennskap til kalibrering og feilkjelder. Studenten lærer òg å presentere eksperimentelle resultat i ein vitskapleg rapport, både skriftleg og munnleg.

Innhald: 

Emnet gir ei eksperimentell innføring i optikk. Det er fokus på laboratorieforsøk, men det kan òg bli aktuelt med feltmålinger ute og/eller i sjøen. Tema som vert gjennomgått inkluderer bl.a: Polarisering, diffraksjon, interferens, optisk filtrering, lysspreiing og absorpsjon frå partikler i luft og vatn.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan

  • forstå samanhengen mellom teori og eksperiment
  • identifisere feilkjelder i eksperimentelle målingar
  • forstå dei ulike rollene til komponentar i eit eksperimentelt forsøk

Ferdigheiter

Studenten kan

  • bruke eksperimentelt utstyr til å utføre forsøka
  • skrive ein vitskapleg rapport som på ein klar måte framstiller det eksperimentelle arbeidet
  • presentere det eksperimentelle arbeidet i ein munnleg presentasjon

Generell kompetanse

Studenten kan

  • forklare teoretiske og praktiske avgrensingar til laboratorieeksperiment
  • vurdere kvaliteten til eigne eksperimentelle resultat på ein kritisk måte

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Høst

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
none
Studiepoengsreduksjon
FYS264: 6 studiepoeng
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Arbeids- og undervisningsformer
.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Obligatorisk oppmøte på alle laboratorieøvingar
  • Laboratorierapport. Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i (2) påfølgande semester etter godkjenninga.
  • Godkjent obligatorisk aktivitet (presentasjon)er gyldig i (2) påfølgande semester etter godkjenninga.
  • Vurderingsformer
    I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
    • Rapporter , utgjør 50% av karakteren.
    • Presentasjon (20 min), utgjør 10% av karakteren.
    • Muntlig eksamen (45 min), utgjør 40% av karakteren.
    Karakterskala
    Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
    Vurderingssemester
    Det er ordinær eksamen kvart semester
    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for huastsemesteret og 01.12.for vårsemesteret.
    Emneevaluering
    Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Ingen
    Programansvarleg
    Programstyret for har ansvar for fegleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 
    Administrativt ansvarleg
    Institutt for fysikk og teknologi har det administrative ansvaret for emnet.