Hjem
Studentsider
Masteremne

Atmosfærisk og marin optikk

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål: Gje avanserte kunnskapar og ferdigheiter i atmosfærisk og marin optikk.

Innhald: Kurset inneheld tema som emisjon, absorpsjon, spreiing og transport av elektromagnetisk stråling i atmosfæren og havet. Desse optiske prosessane blir studert for frekvensar som spenner frå det infraraude, gjennom det synlege, og inn i det ultrafiolette spekteret. Vidare inneheld kurset tema som stråling frå ein svart lekam; strålingsevne; koherent og inkoherent stråling; interferens; irradians og radians; multippel spreiing; strålingstransport med multistraumteori og Monte Carlo-metodar; polarisasjon; og optiske fenomen som kan bli observert i naturen. Det blir fokusert på å gje fysiske fundamentale forklaringar akkompagnert med bruk i meteorologi, klimatologi, solenergi, havfarge-radiometri og marin primærproduksjon.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten har

  • kunnskapar i atmosfærisk og marin optikk på mastergradsnivå.

Ferdigheiter

Studenten kan

  • forklare fundamentale prinsipp bak emisjon, absorpsjon, spreiing og transport av stråling i atmosfæren og havet.
  • utvikle metodar som løyser strålingstransportlikninga for så å finne solenergi, fjernmålingssignal og biologisk aktiv stråling
  • vurdere effekten av ulike drivhusgassar og overflaterefleksjonar på atmosfæretemperaturen.
  • forklare fysikken bak vanlege optiske fenomen i atmosfæren og havet, for eksempel luftspeglingar, grønt glimt, raud solnedgang, den blå timen, og den blå og grøne fargen på hav og isfjell.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

PHYS112 eller tilsvarande basiskunnskapar i elektromagnetisme.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Arbeids- og undervisningsformer

.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Munnleg eksamen (45 minutt), utgjør 100% av karakteren.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvalitetet på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved institutt for fysikk og teknologi har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Munnleg eksamen

    Eksamensperiode
    30.05.2023–31.05.2023
    Trekkfrist
    16.05.2023
    Andre opplysninger
    Individuelt tidspunkt for eksamen oppgis av emneansvarlig noen uker i forkant