Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Akustikk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:Emnet gir generell innføring i fundamentale prinsipp innan akustikk/ultralyd, med vekt på fysiske mekanismar, lover og samanhengar. Emnet skal formidle forståing for sentrale grunnleggande metodar og problemstillingar som er aktuelle i praktiske applikasjonar av akustikk og ultralyd.

Innhald: Emnet gir innføring i grunnleggjande metodar i akustikk som ein viktig basis for teknologiske industrielle applikasjonar og grunnleggjande forsking innan akustikk og ultralyd. Emnet omhandlar vibrerande lekamar; ståande bølgjer i strengar, membranar og stavar; forplantning av lydbølgjer; lydkjelder og lydfelt; transmisjon og refleksjon; lydabsorpsjon; akustiske resonatorar og bølgjeleiarar; høyrsle; romakustikk; akustiske transdusarar; og undervannsakustikk. Emnet gir ei generell innføring i akustikk/ultralyd, med vektlegging på fysiske prinsipp. Det dannar grunnlag for vidaregåande studium i eksperimentell og teoretisk akustikk/ultralyd, innan ei rekkje ulike bruksområde (eksempelvis marin akustikk, medisinsk ultralyd, petroleumsakustikk, piezoelektriske transdusarar, audioakustikk, osv.) . Emnet kan vere av interesse for studentar i tilgrensande fag, som optikk og industriell instrumentering.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte, definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan forklare

  • sentrale omgrep, lover og forklaringsmodellar innan akustikk,
  • grunnleggjande fysiske prinsipp bak generering og forplantning av akustiske bølgjer i gass og væske.
  •  

Ferdigheiter

Studenten kan

  • bruke grunnleggjande lover og samanhengar til å løyse relativt enkle problem innan akustikk.

Generell kompetanse

Studenten har

  • innsikt i fundamentale prinsipp innan akustikk/ultralyd, med vekt på fysiske mekanismar, lover og samanhengar.
  • forståing for grunnleggjande metodar og problemstillingar som er aktuelle i praktiske applikasjonar av akustikk og ultralyd.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

PHYS112, PHYS113, PHYS116, PHYS118

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Munnleg eksamen, utgjer 100 % av karakteren.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@ift.uib.no

Eksamensinformasjon