Hjem
Utdanning
Masteremne

Akustiske transdusere

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:Emnet gir ei grunnleggjande forståing for oppbygging og bruk av transdusere i akustikk og ultralyd. Emnet er relevant for grunnleggjande forsking og industrielle bruksområder.

Innhald: Emnet er av grunnleggande betyding for forståing og bruk av transdusere i akustikk for teknologiske industrielle applikasjonar og grunnforsking innan akustikk og ultralyd. Kurset omhandlar transduserprinsipp, ekvivalentbeskriving, firpol-, diskret element- og distribuerte element modellar, piezoelektriske material, modellar for piezoelektriske transdusere, vekselverknad med media og lydfelt, måle - og kalibreringsmetoder, elektrisk og akustisk tilpassing, konstruksjonsprinsipp og bruksområde. Emnet er praktisk innretta og omfattar rekneøvingar og lab-øvingar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan

  • bruke eksempel på ekvivalentbeskriving i analyse av akustiske transdusere
  • forklare lineær teori som brukast til å beskrive piezoelektriske materiale
  • gjennomføre og analysere målingar i samanheng med laboratorieøvingar

Ferdigheiter

Studenten kan

  • beskrive eksempel på piezoelektriske resonatorar og bruk i transduserkonstruksjonar

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i fundamentale prinsipp innan akustiske transdusere, med vekt på å beskrive viktige målemetodar for å undersøkje transdusereigenskapar
  • kan forklare bruken av akustiske transdusere innan elektronikk/instrumentering og kopling til lydfelt.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

PHYS271

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatoriske laboratorieøvelsar (2 stk). Gyldighet av obligatoriske laboratorieøvinger for emnet er 6 semester.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Munnleg eksamen utgjer 100% av karakteren. Godkjente laboratorieøvelsar er påkrevd for å kunne gå opp til eksamen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@ift.uib.no

Eksamensinformasjon