Marin akustikk

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål

Emnet skal gje generell innføring i fundamentale prinsipp i marin akustikk, med vekt på fysiske mekanismar og lover, omgrep og metodar. Emnet skal gje forståing for sentrale grunnleggande metodar og problemstillingar som er aktuelle ved bruk av lyd i marine miljø.

 

Innhald

Emnet gir innføring i grunnleggande metodar i marin akustikk, som ein viktig basis for både teknologiutvikling og grunnleggande forsking i marin akustikk. Emnet omhandlar akustisk bølgjeforplantning i sjøen, refleksjon og transmisjon av lydbølgjer, spreiing frå gjenstandar, marine organismar, flater og volumsegment, støy og signalfluktuasjonar, utsending og mottaking av lydbølgjer med akustiske transdusarar / sonarsystem, og grunnleggande signalbehandling for marin akustikk. Emnet gir ei generell og brei innføring i marin akustikk, med vekt på fysiske prinsipp. Emnet kan vere av interesse for studentar i tilgrensande fag, som optikk og industriell instrumentering.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten kan

  • forklare sentrale omgrep, lover og forklaringsmodellar innan marin akustikk
  • gjere greie for grunnleggjande fysiske prinsipp bak generering, forplantning, mottaking og prosessering av akustiske bølgjer i marine miljø
  • forklare sentrale modellar for havet som akustisk bølgjeleiar
  • gjere greie for refleksjon og spreiing av akustiske signal frå objekt, havbotn og overflate på eit grunnleggjande nivå
  • beskrive havet som akustisk miljø og forplantningsmedium.

 

Ferdigheiter

Studenten kan

  • bruke grunnleggjande lover og samanhengar til å løyse relativt enkle problem innan marin akustikk.

 

Generell kompetanse

  • Studenten har innsikt i fundamentale prinsipp innan marin akustikk, med vekt på fysiske mekanismer, lover og samanhengar, og forståing for sentrale grunnleggande metodar og problemstillingar som er aktuelle i praktiske applikasjonar av lyd i sjøen.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust.

Undervisningsstad

Bergen.
Krav til forkunnskapar
PHYS111 eller tilsvarande kunnskap i mekanikk.
Tilrådde forkunnskapar

PHYS271 er ei føremon for å få godt utbyte av kurset.

MAT111, MAT112, INF100, PHYS112, PHYS116

Studiepoengsreduksjon
Ingen.
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller evt. opptakskrav.
Arbeids- og undervisningsformer

Forelesning og rekneøvingar: 6 timar pr. veke.

Antal veker: 14.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen.
Vurderingsformer
Munnleg eksamen (100 % av karakteren).
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvalitetet på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB. Kontakt eventuelt studie.fysikk@uib.no.
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved institutt for fysikk og teknologi har det admininstrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.