Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Databehandling i fysikk

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodePHYS291
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål: Lære studentar å bruke datamaskiner til å løyse problem i fysikk

Innhald: Emnet gir ei innføring i informasjonsteknologi og bruken av tilgjengelege IT-ressursar ved instituttet med eksempel henta frå aktuelle forskningsprosjekt. LINUX blir brukt som arbeidsmiljø der ein får øving i programmering (C++) og bruk av programpakkar (ROOT), samt får prøvd ut enkle prinsipp for nettverkstilgang. Emnet er særs nyttig for studentar i subatomær fysikk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har kjennskap til grunnleggjande konsept i datamaskiner
  • kan bruke Linux og "shell"
  • forstår strukturar i fysikkdata
  • forstår grunnleggjande konsept i objektorientert programmering
  • kan bruke ROOT
  • kan utvikle C++ programmer

Ferdigheiter

Studenten kan

  • løyse datarelaterte problem ved å bruke Linux, ROOT og C++

Generell kompetanse

Studenten har

  • forsterka sin evne til å bruke datamaskinen som verktøy til å løyse problem i fysikk og naturvitskap

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Semesteroppgave og øvelser

Vurderingsformer

Prosjektoppgave. Bestått/ikke bestått

Karakterskala

Kun bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@ift.uib.no

Eksamensinformasjon