Hjem
Utdanning
Masteremne

Tungionefysikk ved middels og høge energier

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:Målet med emnet er å formidle forståing av eigenskaper til sterk vekselverkande (QCD) materie

Innhald: Modeller for tungionekollisjonar, kinematikk, korrelasjonar, tilstandslikning for kjernematerie, partikkelproduksjon i kjernekollisjonar, faseovergangar, kvark-gluon plasma sine eigenskapar og eksperimentelle signatur.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • en omfattande oversikt over tungionefysikk ved middels og høge energiar
  • et bredt grunnlag for vidare eksperimentelle og teoretiske studiar i tungionefysikk


Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

PHYS241

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Vurderingsformer

Muntleg eksamen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@ift.uib.no

Eksamensinformasjon