Hjem
Utdanning
Masteremne

Kvantefeltteori

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:Emnet er ei vidareføring av PHYS203 og formidlar forståing av Standardmodellen i partikkelfysikk, som beskriv elementærpartiklane og deira vekselverknad.

Innhald: Emnet omhandlar teoriane for vekselverknad mellom partiklar: kvanteelektrodynamikk (QED), kvantekromodynamikk (QCD) og elektrosvak teori. Saman utgjer desse Standardmodellen i partikkelfysikk. Emnet gjev eit grunnlag for utrekning og forståing av enkle tverrsnitt for kollisjon og produksjon av partiklar. Emnet gjev og ei kort innføring i CP-brot og nøytrinofysikk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kan forklare Feynmanreglar
  • kjenner grunnlaget for renormalisering
  • har kunnskap om kvark- og gluonfelt, den sterke kjernekrafta og dei symmetriane desse byggjer på
  • har kunnskap om symmetriane innan elektrosvak teori og brota på desse via Brout-Englert-Higgs-mekanismen
  • kan forklare CP-brot der K-meson er innblanda og opphavet til CKM-matrisa
  • kan forklare nøytrinooscillasjonar

Ferdigheiter

Studenten

  • beherskar berekningar av tverrsnitt for enkle prosessar

Generell kompetanse

Studenten kan

  • modellere fysiske system ved bruk av Lagrangeformalismen
  • bruke enkelte berekningar for å estimere storleiksorden til fysiske storleikar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MAT251

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Skriftleg eksamen (3 timar) hvis flere enn 8 studenter deltar, muntlig eksamen ellers

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@ift.uib.no

Eksamensinformasjon