Kvantefeltteori
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodePHYS342
- Talet på semester1
- SpråkEngelsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Mål
Emnet er ei vidareføring av PHYS203 og formidlar forståing av Standardmodellen i partikkelfysikk, som beskriv elementærpartiklane og deira vekselverknad.
Innhald
Emnet omhandlar teoriane for vekselverknad mellom partiklar: kvanteelektrodynamikk (QED), kvantekromodynamikk (QCD) og elektrosvak teori. Saman utgjer desse Standardmodellen i partikkelfysikk. Emnet gjev eit grunnlag for utrekning og forståing av enkle tverrsnitt for kollisjon og produksjon av partiklar. Emnet gjev og ei kort innføring i CP-brot og nøytrinofysikk.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- kan forklare Feynmanreglar
- kjenner grunnlaget for renormalisering
- har kunnskap om kvark- og gluonfelt, den sterke kjernekrafta og dei symmetriane desse byggjer på
- har kunnskap om symmetriane innan elektrosvak teori og brota på desse via Brout-Englert-Higgs-mekanismen
- kan forklare CP-brot der K-meson er innblanda og opphavet til CKM-matrisa
- kan forklare nøytrinooscillasjonar
Ferdigheiter
Studenten
- beherskar berekningar av tverrsnitt for enkle prosessar
Generell kompetanse
Studenten kan
- modellere fysiske system ved bruk av Lagrangeformalismen
- bruke enkelte berekningar for å estimere storleiksorden til fysiske storleikar
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
- munnleg eksamen
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Kontakt
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Munnleg eksamen
- Dato
- 06.06.2023
- Varigheit
- 1 timer
- Trekkfrist
- 01.05.2023