Hjem

Utdanning

Masteremne

Utvalde emne i ionosfærefysikk

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodePHYS352
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår, dersom nok påmeldte studenter

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:Emnet er ei vidareføring av ionosfæredelen av PHYS 251. Emnet gir studenten djupare innsikt i korleis elektriske straumar og partiklar koplar jordas magnetosfære og ionosfæren og korleis dette har innverknad på dei fysiske og kjemiske forholda i den øvre atmosfæren.

 

Innhald: Aktuelle tema er vekselverknad mellom nordlyspartiklar og den øvre atmosfæren, røntgenstråling, nordlys, ionisering, ionosfærens elektrodynamikk, irregularitetar i ionosfæren, forplantning og spreiing av radiobølgjer, kopling mellom magnetosfæren, ionosfæren og den nøytrale atmosfæren. Innhaldet blir tilpassa behovet til dei studentane som tek emnet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kan vurdere dei viktigaste plasmaparametrane som styrer elektriske straumar i ionosfæren
  • kan forklare strukturen og elektrodynamikken til ionosfæren i ekvatorområdet
  • har inngåande kunnskap om hovudtrekka ved elektrodynamikken i ionosfæren på høge breiddegrader
  • har innsikt i nokre viktige strukturar og ustabilitetar i ionosfæren på høge breiddegrader

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke grunnleggjande lover og fysiske samanhengar til å forstå komplekse fenomen i ionosfæren på ulike breiddegrader rundt jorda.

Generell kompetanse

Studenten kan

  • bruke teoretiske kunnskapar og ferdigheiter i ionosfærefysikk til å analysere målingar av ionosfæreparametrar og knytte desse saman med prosessar og fenomen i andre delar av sol-jord systemet
  • diskutere vitskaplege spørsmål om sol-jord systemet og vurdere nye forskingsresultat på eit høgt fagleg nivå

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

PHYS205, PHYS251

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Vurderingsformer

Muntlig eksamen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@ift.uib.no