Hjem
Utdanning
Masteremne

Utvalde emne i undervannsakustikk

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodePHYS371
  • Talet på semester1
  • Språk

    Engelsk, norsk dersom berre norskspråklige studentar

  • Ressursar

Undervisningssemester

Uregelmessig

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet omhandlar sentrale problemstillingar i teoretisk og eksperimentell undervannsakustikk, eksempelvis teori for ekkolodd- og sonarsystem, refleksjon og spreiing ("scattering") frå objekt og flater, akustisk arrayteknologi, "beamforming", akustisk avbilding / holografi, lydforplantningsmodellar for numerisk simulering, eller teknologiske anvendelsar av undervannsakustikk.

Læringsutbyte

Forståing av sentrale metodar og problemstillingar som er aktuelle i praktiske anvendelsar av marin akustikk. Ved fullført emne PHYS371 skal studenten kunne

· forklare sentrale omgrep, lover og forklaringsmodellar innan undervannsakustikk,

· gjere greie for grunnleggjande fysiske prinsipp bak generering og forplantning av akustiske bølgjer i vatn,

· bruke grunnleggjande lover og samanhengar til å løyse relativt enkle problem innan undervannsakustikk.

Emnet blir brukt som spesialpensum eller i fagkombinasjon til mastergraden og PhD-graden, og blir tilpassa innhaldsmessig i kvart tilfelle.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

PHYS271

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Vurderingsformer

Muntleg eksamen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@ift.uib.no

Eksamensinformasjon